Hopp til innhald

Svarttopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svarttopp
Svarttopp
Svarttopp
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Svarttoppslekta Bartsia
Art: Svarttopp B. alpina
Vitskapleg namn
Bartsia alpina

Svarttopp (Bartsia alpina) er ei urt i snylterotfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Arten vart tidlegare rekna til maskeblomsterfamilien.

Svarttopp er ein fleirårig mørkfarga 20 cm høg fjellplante med håra stengel som nedst har tjukke skjelblad. Oppover stengelen er blada motsette og mørkgrøne eller fiolette. Planta har einskilde svartfiolette blomstrar som er 2 cm lange. Frukta er ein eggforma kapsel som er 1 cm lang. Svarttopp blømer kring juni i fuktige enger til fjells.

Planten er heimleg og finst i Noreg frå Jæren til Finnmark. Han er funnen opp til 1960 m i Jotunheimen.[1]

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1000-1001.