Diktartavla er ein litterær pris som kvart år sidan 1993 går til ein markant norskspråkleg lyrikar.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Skiferhella
Prisen blei initiert av Olav H. Hauge og blir i dag delt ut av Hardanger folkemuseum og Haugesenteret. Den blir delt ut under litteraturfestivalen Diktdagar på Utne.
Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar, og blir gjeven for heile forfattarskapen. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.
Eit dikt av vinnaren blir gravert inn i ei steintavle av skifer, som blir plassert i museumstunet på Utne i Ullensvang. Steintavlene er utforma av biletkunstnar Cecilie Broch Knudsen. Til saman utgjer desse steintavlene ein diktarsti. Ei bok om diktarstien vart utgjeve av Nynorsk kultursentrum i 2017, i høve stien sitt 25-årsjubileum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.