Erik Bråtveit var ein norsk teolog. Han var den fyrste blinde studenten og den fyrste blinde presten i Noreg.
Bråtveit ble fødd på Bråtveit i Suldal. Han gjekk på blindeskulen i Trondheim til 1916, deretter på middelskulen på Sand i Ryfylke og Volda gymnas. I 1927 tok han teologisk embetseksamen ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
Bråtveit ville bli prest, men Kyrkjedepartementet nekta fyrst å gi ordinasjonsløyve fordi ei forordning frå Christian 5 si tid kravde at ein prest skulle vere «legemlig lytefri». Mens han kjempa vidare for å kunne bli prest, tente han som reisesekretær i Austlandske blindeforbund eit års tid. I løpet av året lukkast kampen delvis. Departementet gjekk med på å gje dispensasjon for ordinasjonsløyve «til tjeneste etter biskopens nærmere anvisning». Biskop Johan Peter Lunde skaffa han eit vikariat i Asak kyrkjelyd i Berg sokn, og deretter fikk han stillinga der då ho vart ledig.
Då han gjekk av for aldersgrensa etter å ha tent Den norske kyrkja i 35 år, fekk han Kongens fortenestmedalje i gull for innsatsen sin. At Bråtveit med sitt liv utførte ei bragd, blir klårt når ein ser på dei utfordringane han møtte og tok tak i.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.