Flåm er ein tettstad i Aurland kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 276 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg nedst i Flåmsdalen ved botnen av Aurlandsfjorden. Her er endestasjonen for Flåmsbana. Ved jernbanestasjonen er det djupvasskai som kan ta imot store cruiseskip.
Aurland sokn omfattar heile den tronge og ville Flåmsdalen.
Flåm har stor turisttrafikk, fyrst og fremst på grunn av Flåmsbana og den praktfulle naturen. E16, stamvegen Oslo–Bergen, går gjennom staden.
Flåm er fødestaden til forfattaren Per Sivle
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.