Frostatingslova er samansett av ei innleiing følgt av 16 bolkar med rettsreglar. Innleiinga er gjeven av Håkon IV rundt 1260 og vert gjerne kalla Håkon Håkonssons nye lov. Truleg var dette ei landsdekkande lov som ein bare har bevart som denne innleiinga til Frostating. Den består av 25 korte kapittel. Den tyske rettshistorikaren Konrad von Maurer meiner at dei er ei samling av reglar frå ulike reformlover gjevne av Håkon IV i perioden 1240–1260. Tema i Håkon Håkonssons nye lov er korleis sikra fredeleg sameksistens, og lova står tydeleg i fredslovstradisjonen med røter tilbake til Sør-Frankrike på siste halvdel av 900-talet. Det er dette reformarbeider og denne lova det vert vist til i Håkon Håkonssons saga når det på slutten heiter at han gjorde lov og landrett betre gjennom lovgjeving, og let skriva den lova som vert kalla Nyelova.
Etter innleiinga er Frostatingslova delt i 16 bolkar. Kvar bolk består av fleire kapittel, og det er vanleg å dela heile rettsboka opp i 450 kapittel. Kvart kapittel er delt i fleire reglar. Bolkeinndelinga i Frostatingslova har tent som inspirasjon for Landslova av 1274.
Etter den alt omtalte innleiinga, finn ein i Frostatingslova ein tingfarebolk (I) som inneheld reglar om organiseringa av tinget. Deretter kjem to kristendomsbolkar (II og III) med reglar for kristen livsførsel og vilkår for å føra kristenrettssaker på tinget og for biskopen. Fjerde bolk er Mannhelgbolken (IV) med reglar om det ein i dag vil kalla straffe- og erstatningsrett. Bolken er den mest omfattande i Frostatingslova, men må likevel lesast i samband med den femte bolken (V) om ymse emne, som inneheld tilsvarande reglar. Delar av denne femte bolken har gått tapt.
Sjette bolken (VI) gjeld sakøyre, som vil seia reglane for betaling av bøter. Det heiter i innleiinga til bolken at det ikkje lenger er vanleg med kunnskap om dei detaljerte og omfattande reglane på dette feltet. Dette skuldast nok at ættesamfunnet gjekk i oppløysing i løpet av 1100-tallet, og kunnskap om slektskapsrelasjonar vart gløymt. Deretter kjem Leidangsbolken som sjuande bolk (VII), som gjeld det militære sjøforsvaret (leidang) av det norske riket. Den vert etterfølgd av Fyrste og Andre arvebolk (VIII og IX).
Tiande bolken er Rettergangsbolken (X). Hovuddelen av bolken er ei ordna framstilling av reglar om rettargang, og ber preg av sein redigering. Men siste del av bolken er ei ganske uordna samling reglar som heller kunne ha stått i Mannhelgbolken. Ellevte bolken er Kvinnebolken (XI), med reglar om kvinner si rettslege stilling. Men igjen glir ein ganske streng orden i bolken over til ei samling reglar som heller burde ha stått ein annan stad, som til dømes regelen i XI-26 om hund som bit sau.
Så kjem ein kort Jordkaupbolk (XII), før Fyrste landsleigebolk (XIII), og så Andre landsleigebolk og tjuvbolk (XIV). Desse bolkane gjeld kjøp av jord, utnytting av og skade på naturressursar, og småtjuveri av mat. Den femtande bolken er kalla Brotsverksbolken (XV), men med unnatak av to reglar knytt til sildefiske, gjeld denne bolken det å sverja eid når ein er skulda for brotsverk.
Siste og sekstande bolken (XVI) er den kortaste av alle, og inneheld fire rettarbøter, som i denne samanhengen vil seia klargjering av rettstilhøve og kollektive rettar gjevne av avdøde kongar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.