Meland er rekna som ein viktig stilskapar innan slåttetradisjonen frå Hardanger, og har fått æra for å omforma mykje av det gamle repertoaret. For dette er han også blitt kritisert, då han var lite oppteken av å vidareføra ein tradisjon sogerett. Tvert om meinte han at slåttespelet i Hardanger trong ei «oppreinsking», og tok vekk og la til det han meinte var naudsynt. Hans sjølvskjensle om denne oppgåva han tok på seg, kjem tydeleg fram då han sa med Sjur Håstabø «Nolten» (1872–1945), like etter at han hadde lært ein slått av han som hadde blitt vidareført i bygda Granvin i generasjonar: «Denne skal bli god når eg får gjort om på han!»
Hans store skapande uro førte også til komponering av ei rekkje nye slåttar og gammaldansar. Av dei mest kjende, og framleis mykje bruka, er lydarslåtten Lengt, og springaren og gangaren Vestlendingen og Kristi Hovden. Alt han komponerte bar preg av samtidas romantiske fiolintekniske ideal i bogebruk, men også i venstrehanda der glissando og posisjonsspel var hyppig bruka.
Meland hadde eit framifrå handverk, og hans komposisjonar og omforma slåttar er alle teknisk krevjande å spela. Han var generelt oppteken av store slåtteformer, og virtuositet. Framfor alt heldt han ein god og fyldig tone som høgste kriterium, og kunne seia bestemt om andre felespelarar slikt som: «Han har tone!» Eller: «Han har ikkje tone!»
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.