Ivar Andreas Aasen var ein norsk språkforskar og diktar. Han samla inn og systematiserte dialektar og skapte det han kalla landsmålet, og la såleis grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket. Han har blitt karakterisert som ein av dei største norske språkforskarane og er grunnleggjaren av norsk dialektologi.
Skriftspråket i Noreg var lenge dansk, men på 1830-talet starta ein debatt om behovet for eit eige norsk skriftspråk som del av den norske nasjonsbygginga og draumen om sjølvstende. Aasen formulerte i same tiåret ein visjon for korleis eit nytt norsk skriftspråk burde byggjast på overleverte heimlege dialektar.
I 1840-åra reiste Aasen rundt i Noreg og samla inn dialektar. Dei ulike dialektane systematiserte og samla han i bøker som Det norske Folkesprogs Grammatik frå 1848 og Ordbog over det norske Folkesprog frå 1850. Da som no var det stor skilnad mellom dialektane, og for å lage eit felles skriftspråk måtte han velje mellom ulike ord og former. Eit slikt arbeid blir kalla språknormering eller språkstandardisering. I normeringsarbeidet støtta han seg òg på det gamle norrøne skriftspråket. I 1853 la Aasen fram forslaget sitt til norm gjennom den vesle boka Prøver af Landsmaalet i Norge. I denne boka ligg det første tekstgrunnlaget for det nynorske skriftspråket.
Aasen var oppteken av at det nye skriftspråket skulle leve. Han tok landsmålet i bruk som skjønnlitterær forfattar, først og fremst som lyrikar. Diktet Nordmannen (Millom bakkar og berg), er framleis eit av dei mest kjente dikta i Noregs litteraturhistorie. Dei gamle fjell i syningom er eit anna høgdepunkt i diktinga hans.
Arbeidet Aasen gjorde, kan ein sjå som del av ein internasjonal trend der språkforskarar støtta nasjonsbygginga i ulike nasjonar. I andre europeiske land nedteikna, systematiserte og normerte forskarar på same vis språk som til dømes færøysk, serbokroatisk og ukrainsk. Det særskilte med Aasen var at han tok i bruk ein kjend vitskapleg metode, den såkalla samanliknande språkvitskapen, som hadde vist seg funksjonell for å fastslå slektskap mellom språk og for å forstå språkhistorisk utvikling. Aasen tok i bruk same metoden i arbeidet sitt med dei norske dialektane som han jamførte med kvarandre og med gammalnorsk. Det sette han i stand til å skape eit nytt offisielt norsk språk som vi i dag kallar nynorsk.
Kommentarar (6)
skreiv Chinh Tran
svarte Kjell-Olav Hovde
skreiv Reidar Astås
svarte Kjell-Olav Hovde
skreiv Svein Askheim
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.