Ivar Petterson Tveiten var ein norsk politikar (Venstre) og gardbrukar. Han var representant for dei klassiske Venstre-holdningane, ein klar republikanar og føraren til landsmålsrørsla i Stortinget i fleire år. Som stortingspresident fekk han likevel stor respekt for og eit nært forhold til kong Haakon 7.
Ivar Petterson Tveiten
Faktaboks
- Fødd
- 18. desember 1850, Veum i Fyresdal
- Død
- 17. april 1934, Brokke i Fyresdal
- Verke
- Gardbrukar og politikar
- Familie
-
Foreldre: Gardbrukar og spelemann Petter Sveinungsson Veum (1811–89) og Tone Talleivsdotter Lislestog (1827–53).
Gift 9.7.1886 med Aasne Olavdotter Momrak (15.5.1865–13.11.1902), dotter til gardbrukar Olav Ketilsson Momrak (1830–79) og Gunnhild Ketilsdotter Nape (1826–89).

Byste. Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Bakgrunn
Politisk karriere
I ungdomen vart han merkt av dei radikale straumdraga i 1870-åra. Han vart Venstre-mann, målmann, fråhaldsmann og ein forsvarar av dei kristen-kulturelle verdiane. Han var med i Fyresdal heradstyre i 1888–1898, overformyndar i 1882–1907, formann i skulestyret i 1893–1902 og heradskasserar i nokre år. I 1900–1925 var han med i fylkesskulestyret.
Stortinget
Tveiten var valmann ved alle val mellom 1885 og 1903, varamann til Stortinget for Venstre i 1892–1894 og 1900–1903 og møtte i 1902–1903 medan Gunnar Knudsen var statsråd. I 1903 vart han stortingsmann frå Bratsberg amt, i 1906–1918 frå einmannskrinsen Vest-Telemark og i 1919–1924 frå Telemark fylke.
På Stortinget skreiv han dagbok frå 1902 til 1906, der han kommenterte aktuelle tilhøve. Han var aktivt med i kampen om å oppløyse unionen og utvikla sterk nasjonal kjensle. Som republikanar tilhøyrde han den radikale fløya i partiet og ville korkje ha svensk eller dansk tronfølgjar når unionen med Sverige vart løyst opp.
Med åra blei Tveiten meir moderat i mange spørsmål og meir kongevenleg, men det var viktig for han å vere lojal mot Gunnar Knudsen. Det vart også stor avstand mellom Tveitens bondevenstre og den radikale venstremannen Johan Castberg, som i dagboka si kalla Tveiten ein «trangsynt middelmådighet».
I 1904 var Tveiten med i Stortingets sendelag til fredsmøtet i Paris, men han hadde ikkje mykje tiltru til seg sjølv. Han sat i jarnbanenemnda i 1903–1918, budsjettnemnda i 1910–1918 og i 1919–1924 i universitets- og fagskulenemnda, der han heile tida var formann. I 1917–1923 var han medlem i utanriksnemnda og formann der frå 1919. Tveiten var stortingssekretær i 1913–1915 og stortingspresident i 1917–1920 og 1922–1924. Han var Venstres parlamentariske leiar i 1919–1920.
Bondelag
Med Venstre i fleirtal kom mange bønder på tinget, og Tveiten tok i 1913 initiativ til å skipe eit bondelag, som òg skulle vere ope for høgrepartia. Det meldte seg 52 representantar, og han blei sjølv den fyrste formannen. Trass i det opne initiativ hans blei laget eit lukka forum for Venstres stortingsgruppe, men i 1919 fekk han likevel til å skipe eit nytt upolitisk bondelag.
Nynorsk
Frå juli 1924 til mars 1926 var Tveiten kyrkjeminister i Mowinckels fyrste regjering. Der tok han tak i nynorskens plass i statstenesta og kravde at alle hadde rett til svar på eiga målform når dei skreiv til staten. Han stod også for godkjenninga av Nynorsk salmebok. Etter ministertida drog han seg attende frå politikken.
Anna engasjement
Tidleg synte Tveiten interesse for organiserte tiltak. I 1871–1899 var han formann og forretningsførar for Fyresdal Forbrugsforening og for Veum Forbrugsforening i 1899–1902, kasserar i dampskipsreiarlaget Fyresdal i 1884–1899 og direktør i Fyresdal Sparebank 1895–1910.
Tveiten røysta for oppheving av ordensstellet i 1913, men likevel blei han medlem av Ordensrådet for St. Olavs Orden i 1914 og var visekanslar der i 1929–1931.
Utgjevingar
- Føreord til B. Taraldlien: Fyresdal, 1910
- Minne frå Stortinget 1902–1906, Kviteseid 1994
Etterlate materiale
- Eit og anna. Dagbok 1902–1903, NBO
- Fraa Stortinget i 1903–1906 og 1910, NBO
- ei samling brev hjå Knut Veum, Brokke, Fyresdal
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Lindstøl, bd. 1, 1914
- Hvem er hvem 1930
- J. S. Worm-Müller, A. Bergsgård og B. A. Nissen: Venstre i Norge, 1933, sjå register
- Haffner, bd. 1, 1949
- B. Veum: Fyresdal ættebok, Fyresdal 1943, s. 345
- O. Midttun: Mål og menn, 1953, s. 202–205
- C. J. Hambro/T. Greve: Det Norske Storting gjennom 150 år, 1964, bd. 3 s. 155–165 og 278, bd. 4 s. 550
- B. A. Nissen: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 17, 1975
- S. Marvik: Fyresdal gards- og ættesoge, bd. 3, Fyresdal 1992, s. 1497, 1515 og 1525
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.