Hauge kom med i det organiserte motstandsarbeidet jula 1941 på ein karakteristisk måte. I samråd med vennen sin Helge Sivertsen tok han kontakt med Knut Møyen, som dei kjende godt frå idrettsmiljøet til studentane. Møyen var aktivt engasjert i gjenoppbygginga av Milorg på Austlandet etter omfattande opprullingar frå Gestapos side i 1941. Han gjorde Hauge til sin «usynlege» avløysar og lærte han opp. Då Møyen måtte rømme til Sverige eit halvt år seinare, rykte Hauge inn i stillinga hans. Nye opprullingar skapte stadig behov for omorganisering, og Hauges ansvar auka raskt. I løpet av 1943 blei han den leiande personen i Milorg, trass i sin unge alder og manglande militære bakgrunn. Han heldt fram i denne posisjonen heilt til frigjeringa og var det siste krigsåret ein sentral medlem i Hjemmefrontens Ledelse (HL).
Noko av årsaka til ein slik karriere låg sjølvsagt i dei spesielle forholda Milorg arbeidde under. Utskiftinga på leiarplan var stor i åra 1942–1843, og Hauge kom inn i viktige posisjonar på eit tidspunkt då motstandsleiinga stabiliserte seg. Men han bidrog òg sjølv til stabiliseringa gjennom arbeidet sitt for å leggje bort dei motsetnadene som dei første åra hadde eksistert mellom den sivile og militære motstandsleiinga. Han la den væpna motstanden heilt eintydig inn under London-regjeringa og Forsvarets overkommando, slik at ho ikkje skulle kunne mistenkjast for å opptre ukonstitusjonelt.
Mange sivile leiarar hadde sett med uro på væpna innsats frå heimefrontens side i eit land okkupert av fleire hundre tusen tyske soldatar. Slik militær innsats var òg framand for mange på fagmilitært hald. Hauges hovudlinje gjekk ut på at det var nødvendig med grundig praktisk førebuing av dei militære oppgåvene heimefronten burde ta på seg – anten i samband med ein mogleg alliert invasjon eller, mest sannsynleg, i samband med tysk kapitulasjon. Han hevda at norsk militær medverknad hadde noko å seie både for å sikre at viktige oppgåver blei løyst og for norsk sjølvmedvit etter krigen. Frigjeringa skulle ikkje berre vere ei gåve ein fekk, men noko befolkninga hadde vore med på å kjempe seg.
Hauge stod på ingen måte åleine om dette synet, men med sin store intellektuelle og organisatoriske kraft gav han avgjerande bidrag til at det både blei akseptert i alle viktige leirar og gjennomført etter omhyggjeleg utarbeidde direktiv. Som Milorgs leiar satsa han sterkt på direkte kontakt med norske leiarar ute. Han reiste ei rekkje gonger til møte med militære og sivile uteleiarar i Sverige. I 1944 hadde han to lengre opphald i London, der han knytte nære samband med eksilstyresmaktene på statsråds- og embetsmannsplan. Hauges kontaktskapande arbeid og faste leiingsform hadde mykje å seie for den eininga som kom til prege norsk motstand, i kontrast til situasjonen i fleire andre okkuperte land. Det gav han òg ein heilt sentral posisjon i frigjeringa, då omkring 40 000 mann i Milorgs heimestyrkar var med på å sikre ein svært roleg overgang til fredstid.
Mange har undra seg over at Jens Chr. Hauge i så ung alder kunne få det tunge ansvaret som leiar for Milorg. Svaret ligg i ein uvanleg sterk personlegdom, som kombinerte intelligens, handlekraft, ansvarskjensle og vilje til makt med personleg sjarm og evne til å skape tillit og knyte kontaktar. Hauge kunne verke arrogant, og han veik ikkje tilbake for strid. Men han kunne òg vise storsinn og sterkt personleg engasjement mot urett. Han prøvde til dømes – utan hell – å tale den spiondømde kommunistiske sabotøren Asbjørn Sunde si sak då Sunde vart nekta krigspensjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.