Johan J. Jakobsen var ein norsk politikar frå Senterpartiet. Han var partileiar i 1979–1991, samferdselsminister i 1983–1986 i Kåre Willochs regjering og kommunalminister i 1989–1990 i Jan P. Syses regjering. Jakobsen var stortingsrepresentant for Senterpartiet i Nord-Trøndelag frå 1973 til 2001. Som partileiar og parlamentarisk leiar spelte han ei vesentleg rolle for Senterpartiets påverknad i rikspolitikken.
Johan J. Jakobsen
Faktaboks
- Fødd
- 15. april 1937, Namsos
- Død
- 30. juni 2018
- Verke
- Politikar og sivilagronom
- Familie
-
Foreldre: Fylkesagronom Harald Jakobsen (1899–1985) og husstellærar Gjertrud Myklebost (1907–2001).
Gift 1961 med Elin Hagen (26.1.1938—), dotter til skogsarbeidar Nikolai Hagen (1894–1985) og Sofie Dæhlin (1902–46).
Bakgrunn
Jakobsen var oppvaksen på garden Lønset i Spillumgrenda i Klinga med foreldre som var knytta til landbruket gjennom kultur- og yrkesbakgrunn. Han tok examen artium ved Namsos gymnas i 1956, gjekk befalsskule i Bergen i 1957 og var ferdig agronom frå Jønsberg landbruksskule i 1959. Deretter studerte han ved Norges landbrukshøgskule på Ås og var ferdig sivilagronom i 1962.
Jakobsen arbeidde som avdelingsstyrar ved Felleskjøpet i Namsos og A/L Namdal kornsilo i åra 1962–1972, og var bonde i Namsos frå 1963 til 1993. Han var seniorrådgivar i Europaprogrammet i 2002–2006.
Politisk karriere
Den politiske karrieren starta som medlem av kommunestyret i Namsos frå 1968 til 1972 og som nestleiar i Senterungdommen frå 1967 til 1969. Han var også medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 1971–1973. Jakobsen var medlem i Senterpartiets programkomité i 1969 og 1973, og var politisk sekretær i Samferdselsdepartementet i 1972–1973 under Korvald-regjeringa. I 1969 blei han vararepresentant til Stortinget, og vald til fast representant frå 1973. Han var parlamentarisk leiar i Senterpartiet i 1977–1982 og 1991–2000. I 1979 avløyste han Gunnar Stålsett som partileiar og heldt fram i vervet i 12 år. Ved valet 2001 sa han frå seg attval.
Borgarleg samarbeid
Med Jakobsen som partileiar var Senterpartiet eit klart borgarleg parti, i sterk opposisjon til mellom anna Arbeidarpartiet. Som parlamentarisk leiar arbeidet han så tidleg som i 1977 for at Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre skulle danne regjering saman.
Oppslutninga om partiet gjekk ikkje framover i Jakobsens leiartid, og i 1980-åra gjorde Senterpartiet sine til då dårlegaste val i etterkrigstida. Partiet stod på sidelina andsynes Høgre-bylgjas offensiv for avregulering og privatisering. Dessutan fekk dei lite merksemd om tradisjonelle Senterparti-saker som landbruks- og distriktspolitikk.
Rutinert forhandlar
Jakobsen vart sett på som ein samlande leiar med store diplomatiske evner. Han blir særleg hugsa for at han våren 1983 bana veg for at Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti blei ein del av Kåre Willochs borgarlege regjering. I juni 1983 skipa dei tre partia ei omdanna Willoch-regjering, der Jakobsen blei samferdselsminister. Det skjedde etter harde forhandlingar, då Willoch sette foten ned for Kåre Kristiansen frå KrF som utanriksminister. Senterpartiet var det minste av partia som forhandla og kunne iallfall ikkje ha von om å få prestisjepostar som KrF hadde fått nei til. Oppfatninga i media var at Senterpartiet hadde lide nederlag.
Sjølv meinte Jakobsen at den vanskelegaste saka han var med på i tida som partileiar, var spørsmålet om politiaksjonane i 1981 i samband med Alta-Kautokeino-utbygginga. Han var sterkt kritisk, men likevel ikkje så kritisk som fleirtalet i sentralstyret, som bad stortingsgruppa gå imot løyving til politiaksjonane. Han valde å slutte seg til fleirtalet, men kom då i mindretal i den stortingsgruppa han var sett til å leie.
Då Willoch-regjeringa gjekk av 1986 etter kabinettspørsmålet på bensinavgifta, gjekk Jakobsen tilbake til Stortinget. Etter valet 1989 blei han med i Syse-regjeringa som kommunalminister. Syses regjering fall i november 1990 etter at Senterpartiet ikkje kunne vere med på EU-tilpassinga. I 1991 gjekk han av som partileiar og overlet vervet til Anne Enger Lahnstein. Samstundes gjekk han inn att i si gamle rolle som parlamentarisk leiar, slik han var i perioden 1977–1983. Han sat med dette vervet heilt til Odd Roger Enoksen tok over 2000.
Under etterfølgjaren Enger Lahnsteins leiing utover på 1990-talet distanserte Senterpartiet seg frå Høgre, ikkje minst på grunn av usemje i EU-saka. Nyorienteringa til partiet hadde full støtte av Jakobsen.
Framfor stortingsvalet i 1997 peika ut Senterpartiet Jakobsen som statsministerkandidaten sin, sjølv om han ikkje lenger var leiaren i partiet. Då sentrumsregjeringa blei danna same haust, deltok Jakobsen som ein av dei mest rutinerte regjeringsforhandlarane. Han føretrekte deretter sjølv å overta vervet som parlamentarisk leiar. Etter arbeidet i Stortinget gjennom mange år hadde Jakobsen opparbeidd seg ry som ein smidig, resultatorientert og pragmatisk politikar.
Verv
På Stortinget var Jakobsen medlem av landbrukskomiteen i ein periode, utanriks- og konstitusjonskomiteen i tre periodar og forsvarskomiteen i tre periodar. I 24 år sat han dessutan i den prestisjetunge utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var medlem av utval for rustningskontroll og nedrustning (1978–1981), Nordisk Råd (1977–1983 og 1991–2001), felles parlamentarikarkomité mellom Stortinget og Europaparlamentet (1997–2001) og styremedlem i Den norske Atlanterhavskomité (1997–2001).
Forfattarskap
- Memoarboken Mot strømmen, 2000.
- Muntre minner fra ting og torg, 2001
- Makten og æren. En biografi om Nils Trædal, 2005
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Kilder og litteratur
- Johan J. Jakobsen: Mot strømmen, 2000
- R. Madsen: Motstraums, bd. 2 i Senterpartiets historie, 2001
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.