Faktaboks

Administrasjonssenter
Tysse
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
2 502 (2024)
Landareal
257 km²
Høgaste fjell
Tveitakvitingen (1299 moh.) på grensa til Samnanger
Innbyggjarnamn
samning
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4623 (frå 01.01.2020, tidlegare 1242)
Kart: Samnanger kommune i Vestland
Samnanger kommune i Vestland fylke.
Kart: Samnanger kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Samnanger

Samnanger. Notaholmen i Samnangerfjorden. Før i tida tørka ein nøtene her, derav namnet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Samnanger er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring indre del av Samnangerfjorden aust for Bergen, og er dessutan Storelva sitt dalføre nordaustover til vasskilet mot Vaksdal kommune og dens tilløp, Frølandselva, til vasskilet mot Kvam kommune i aust.

Samnanger kommune vart oppretta i 1907 ved utskiljing frå Os. Sidan har kommunen hatt uendra grenser. Samnanger grensar til Vaksdal i nordvest og nord, Kvam i aust, Bjørnafjorden i sør, og til Bergen i vest.

Natur

Berggrunnen i Samnanger høyrer i sin heilskap til Bergensfeltet (Bergensbuene). Vest for Samnangerfjorden finn ein djupbergartar av kaledonsk opphav (sjå kaledonske orogenese), mellom anna gabbro og grønnstein. Langs austsida av Samnangerfjorden, rundt fjordbotnen og på eidet nordover til kommunegrensa mot Vaksdal og Bergen er det kambrosiluriske skifrar. Heilt i aust er skifrane dekte av overskovne, harde bergartar av grunnfjellsalder, mest gneis. Desse skyvedekka dannar dei høgaste partia i kommunen (Tveitakvitingen 1299 moh.) på grensa mot Fusa.

Samnangerfjorden er trong med til dels bratte sider, men den inste delen vidar seg ut og har opnare og frodigare landskap. Fjorden følgjer strøkretninga i Bergensbuene.

Busetnad

Folketal

1951 2503
1952 2461
1953 2470
1954 2484
1955 2506
1956 2565
1957 2539
1958 2517
1959 2485
1960 2493
1961 2437
1962 2383
1963 2363
1964 2368
1965 2344
1966 2299
1967 2271
1968 2239
1969 2225
1970 2180
1971 2183
1972 2168
1973 2179
1974 2160
1975 2187
1976 2233
1977 2258
1978 2254
1979 2267
1980 2305
1981 2319
1982 2348
1983 2362
1984 2378
1985 2376
1986 2383
1987 2404
1988 2384
1989 2383
1990 2412
1991 2382
1992 2411
1993 2406
1994 2399
1995 2386
1996 2354
1997 2371
1998 2318
1999 2322
2000 2282
2001 2303
2002 2343
2003 2340
2004 2331
2005 2322
2006 2341
2007 2353
2008 2396
2009 2379
2010 2375
2011 2394
2012 2417
2013 2434
2014 2436
2015 2443
2016 2443
2017 2488
2018 2463
2019 2465
2020 2485
2021 2504
2022 2501
2023 2495
2024 2502
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Busetjinga finn ein særleg ved dei indre delane av fjorden, mellom anna Haga. Tysse, som ligg like sør for Haga, er administrasjonssenter, med butikk- og servicesenter.

Folketalet har vore relativt stabilt sidan andre verdskrigen. I tiårsperioden 2007–2017 auka det med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg, mot 1,3 prosent i fylket samla sett.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Haga med 1066 innbyggjarar (2023). 43 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,9 km².

Kart over Samnanger kommune
Kart over Samnanger kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er industri viktigaste næring i Samnanger målt etter sysselsetjing, med 8 prosent av arbeidsplassane i 2019, 16 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning. Tidlegare var tekstilindustri den viktigaste industribransjen, med 45 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2011. I 2013 vart produksjonsdelen av Strømpefabrikken SAFA – Samnanger Fabrikker AS flytta til Litauen, medan resten av verksemda held fram i Samnanger. I 2015 var viktigaste industribransjar betongvare-, møbel- og verkstadsindustri, med høvesvis 53, 26 og 12 prosent av dei sysselsette.

Jordbruket er beskjedent og basert på husdyrhald (sau, storfe), der nesten heile jordbruksarealet blir nytta til eng og beite.

Samnanger har middels stor vasskraftproduksjon. Dei ni vasskraftverka i kommunen produserer til saman 483 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Kvittingen (i drift fra 1984), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Frøland (1912) og Grønsdal (1948). Eviny Fornybar er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Av yrkesbefolkninga i Samnanger har 62 prosent arbeid i andre kommunar, 48 prosent i Bergensområdet (38 prosent i Bergen åleine), seks prosent i Fusa og fire prosent i Hardanger/Voss (2019).

Samferdsel

Gjennom kommunen går Fv. 7, GranvinTrengereid–(Bergen). Den kjem frå Kvamskogen ned Eikedalen, forbi Tysse og Haga og over Gullbotn ved grensa til Bergen. Frå Tysse går Fv. 48 sørover langs Samnangerfjorden si austside til Fusa, langs vestsida går Fv. 137 til Os.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Samnanger høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Samnanger er del av Bergen næringsregion saman med Askøy, Bergen, Fjell, Bjørnafjorden og Øygarden.

Samnanger kommune svarer til soknet Samnanger i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Samnanger til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Samnanger

For statistiske formål er Samnanger kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Rolvsvåg, Hisdal/Li, Nordbygda, Steinsland, Haga, Tveit, Grønsdal, Høysæter, Frøylandsdal, Tysse indre, Tysse ytre og Sundvik.

Historikk og kultur

Fjelltraktene i Samnanger er mykje nytta som skiterreng, og turisttrafikken er særleg stor i aust, der kommunen strekkjer seg opp til Kvamskogen.

Samnanger kyrkje på Årland er ein langkyrkje i tømmer som vart bygd i 1851. Det er funne restar av ei stavkyrkje her, truleg frå 1100-talet. Kyrkja er første gong nemnd i tekst i 1329. I ei gravrøys på Totland vart det funne ei mengd reiskapar frå yngre jernalder. Eikedalselva er varig verna.

Kjend er òg Samnangerfela, ei hardangerfele laga av Johannes Bårdson Tveit, som var oldefar til komponisten Harald Sæverud. Lokalavisa Samningen er den største avisa i kommunen og kom med første nummeret i 1976. Avisa har hovudkontor på Årland og vert redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har seks gulldropar som dannar ein sirkel mot ein raud bakgrunn. Det siktar til kraftproduksjon og tidlegare nedbørsrekord.

Namnet er opphavleg eit fjordnamn. Første ledd er ikkje sikkert forklart, men kan vere eit gammalt folkenamn, medan siste ledd er angr, med tydinga ‘fjord‘.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aadland, Ivar Bård: Samnanger kommune : 1907–2007, 2007
  • Haukanes, Britt: Samnanger kyrkje gjennom tidene, 2001
  • Lauvskard, Nils: Samnanger, 1930–54, 2 bind.

Kommentarar (2)

skreiv Bjørnulf Aasen

I feltet for kommunevåpen vises et kart over Hordaland.

svarte Mari Paus

Takk for tipset! Det er rettet nå. Vennlig hilsen Mari i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg