Gudbrandsdalsmåla er austnorske dialekter som blir brukte i Gudbrandsdalen, og som blir rekna til midlandsmåla. Dalen er 20 mil lang, og naturleg nok er talemålet noko ulikt i ulike delar av dalen. Nokre fellestrekk, ikkje minst i lydklang, tonegang og talemusikk, gjer at ein likevel kan snakka om et einskapleg og heilsleg mål. Typiske trekk er kløyvd infinitiv og jamning i tostava ord.
Dialektene i Gudbrandsdalen har det austnorske jamvektssystemet med mellom anna kløyvd infinitiv. Dette systemet inneber at infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk (overvektsorda) får endinga -e (å bite), medan dei med kort rotstaving i norrønt (jamvektsorda) får endinga -a (å væta).
Jamvektsinfinitivane får i Gudbrandsdalen ofte jamning av vokalane til å-å. Det heiter å fårå (fara), å sågå (saga), å lågå (laga). Også dei svake substantiva av jamvektstypen får jamning og å-ending: ein mågå (mage), ein hågå (hage), ein hånå (hane). Jamvektsord der norrønt hadde vokalen i eller e i rotstavinga, får likevel ikkje å-ending. Det heiter å væta (vita), ein bæta (bete) og ein sæLa (sele).
Dei nemnde formene med å-å i til dømes infinitivane (å fårå, å lågå) skil gudbrandsdalsmålet frå flatbygd-målet i sør, som har a-a i slike ord. Eit anna særdrag som skil dialekta i Gudbrandsdalen frå dialektane i sør og aust, gjeld fortidsforma og partisippet av a-verba. I Gudbrandsdalen seier ein ho kasta og ho har kasta, ikkje kaste som det heiter i Ringsaker-dialekta. Gudbrandsdalsmålet har elles former som helg og berg, der dialektene i sør har hæLj og bærj. Frå valdresdialekta skil Gudbrandsdalen seg ved bruken av palataliserte konsonantar i ord som bæill (ball), mæinn (mann) og ræidd (redd), likt det ein finn på Hedmarken. Slike former finst ikkje i Valdres. I nord støyter gudbrandsdalsmålet på dialektene i Romsdal og på Sunnmøre, som er e-mål (infinitiv på -e), og dialektene i Sør-Trøndelag, som er apokopemål (med former som å kast, å skriv og så bortetter).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.