Genitiv er eit namn på eigeforma av eit ord eller ein nomenfrase. Eit eksempel på genitiv er forma kongens i setningane «det er kongens hest» og «den hesten er kongens». I nomenfrasen kongens hest står kongens for eigaren, mens hest står for det som blir eigd. Det er vanleg å rekne genitiv som ein kasus, men sjå avsnittet Genitiv og kasus.

Faktaboks

Uttale
gˈenitiv
Etymologi
av latin genetivus / genitivus, frå gresk génesis (γένεσις) 'opphav'

Fleire europeiske språk har konstruksjonar som liknar på kongens hest. Her er nokre eksempel, alle med tydinga 'kongens hest', der genitivsforma («kongens») står i kursiv:

Litt meir om tydinga til genitiv

Sjølv om genitivforma av eit ord eller ein nomenfrase alltid kan vere ei eigeform, kan ho også ha fleire andre tydingar. Her er nokre eksempel:

  1. husets vegger
  2. jordas overflate
  3. gutens mor
  4. Karis mann
  5. husets eigar

I eksempel 1 er ikkje veggene noko huset eig, dei er ein del av huset, og i eksempel 2 er overflata ein del av jorda. Her har vi ein relasjon mellom ein heilskap og ein del: Huset og jorda er heilskapar som veggene og overflata er delar av.

I eksempel 3 eig ikkje guten mor si, og i eksempel 4 eig ikkje Kari mannen sin. Her har vi slektskaps- eller familierelasjonar, og genitiv kan brukast begge vegar: Ola er Karis son = Kari er Olas mor.

I eksempel 5 uttrykkjer genitivsforma heilt tydeleg ikkje eigaren, for det eigde eig ikkje eigaren sin. Her har vi å gjere med ei meir abstrakt tilknyting.

Genitiv og alternative konstruksjonar

Norrøne substantiv, adjektiv, pronomen og determinativ hadde eigne genitivformer, som 'kongens hest' på norrønt viser:

  • hestr konungsins

Her er konungsins genitiv, eintal, bunden/bestemt av konungr 'konge'.

I dei fleste norske dialektar har genitiv blitt borte som ein bøyingskategori ved substantiv, adjektiv og determinativ for mange hundre år sidan, truleg alt på 1400-talet, og er erstatta av ei rekkje andre konstruksjonar:

  • hesten til kongen
  • hesten åt kongen
  • kongen sin hest
  • hesten hans Harald

Mange andre europeiske språk manglar også genitivsformer, og i staden brukar dei konstruksjonar der «eigaren» står etter ein preposisjon:

Også i færøysk har genitiv stort sett gått av bruk, og ein nyttar i staden ein konstruksjon med preposisjonen hjá 'hjå, hos' føre ein nomenfrase i dativ:

  • hesturin hjá konunginum 'hesten til kongen'

Den norske konstruksjonen med genitiv-s liknar den norrøne genitiven:

  • kongens hest

Her er likevel ikkje kongens ei bøyingsform av konge slik konungsins er ei bøyingsform av konungr. S-en i kongens er ein enklitisk genitiv-partikkel som står heilt sist i ein nomenfrase, som [kongen av Noreg]:

  • [kongen av Noreg]s hest

Den engelske genitiv-s-en må analyserast på same måten:

  • [the king]'s horse
  • [the king of Norway]'s horse

Japansk har ein heilt parallell konstruksjon, der の no er ein genitiv-partikkel, medan 王 ō tyder 'kong' og 馬 uma tyder 'hest':

  • 王の馬
  • Ō no uma
  • 'konge' 'genitiv' 'hest'

Konstruksjonen med -s er lite brukt i norske dialektar og er difor mindre vanleg i nynorsk enn i bokmål, som har lånt konstruksjonen frå dansk.

Pertensiv

Det karakteristiske ved ein genitiv-markør er at han er knytt til frasen som uttrykkjer eigaren. Nokre språk har i staden ein pertensiv-markør, det vil seie ein markør som er knytt til det eigde. Pertensiv finst mellom anna i det tibetoburmanske språket karbi, som blir tala i Assam. Markøren er prefikset a- på leddet som uttrykkjer det eigde – det vil seie keŋ 'bein' og hem 'hus' i desse døma:

  • tebul a-keŋ 'bordets bein'
  • la a-hem 'huset hennar/hans'

Det er ikkje alltid lett å avgjere om ein markør uttrykkjer genitiv eller pertensiv. I det tsjadiske språket hausa blir markøren i ein eigedomskonstruksjon analysert som ein genitiv-markør, endå han er knytt enklitisk til det eigde, som i døma nedanfor, med substantiva dookìi m 'hest', saanìyaa f 'ku' og sarkii m 'konge'. Genitiv-markøren kongruerer i genus og numerus med det eigde, med -n etter eit hankjønnsord i eintal og - etter eit hokjønnsord i eintal:

  • dookìn sarkii 'kongens hest'
  • saanìyar̃ sarkii 'kongens ku'

Garpegenitiv

Det er relativ vanleg å berre nytte termen genitiv om bøyingsformer, slik at til dømes latin regis er genitiv eintal av rex 'konge' og islandsk konungsins er bunden genitiv eintal av konungr 'konge'.

Det er heller ikkje uvanleg å kalle norsk kongens for ein genitiv, sjølv om s-en ikkje er eit bøyingssuffiks men eit enklitikon – ein enklitisk genitiv-partikkel – som forklart i førre avsnitt.

I mange grammatikkar for språk rundt omkring i verda blir genitiv også nytta meir allment om konstruksjonar som uttrykkjer eigedomstilhøve. Eit eksempel på dette er «garpegenitiven», som ovanfor er illustrert med kongen sin hest. Her står det refleksive possessivet sin/si/sitt/sine etter nomenfrasen som viser til eigaren, i dette døme kongen. Denne konstruksjonen dukka fyrst opp i Bergen i mellomalderen, truleg under påverknad frå det nedertyske språket til dei hanseatiske kjøpmennene som bergensarane kalla garpar, og som dreiv handel over store deler av Nord-Europa fra 1100-tallet til 1500-tallet. Lenge vart garpegenitiven berre nytta på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, og han var mykje vanlegare på nynorsk enn på bokmål. Men sidan slutten av 1900-talet har han også blitt vanleg på Austlandet, både i tale og skrift.

Også moderne nedertysk har denne konstruksjonen:

  • Den König sien Peerd 'Kongens hest', bokstavleg «kongen hans hest»
  • De Königen ehr Peerd 'Dronningas hest', bokstavleg «dronninga hennar hest»

I den nedertyske konstruksjonen har frasen som viser til eigaren, kasusen oblik («ikkje-nominativ») og possessivet er ikkje refleksivt, sidan nedertysk manglar refleksive possessiv.

Ein tilsvarande konstruksjon finst òg i tysk (høgtysk), nederlandsk og afrikaans.

Genitiv og kasus

Det er vanleg å rekne genitiv som ein kasus, sidan genitiv på mange språk står i motsetnad til kasus som nominativ, akkusativ og dativ, slik at dei gjensidig utelukkar kvarandre: Eit substantiv står anten i nominativ, akkusativ, dativ eller genitiv. Dette gjeld ikkje minst i dei klassiske språka latin og gresk, som tradisjonell europeisk grammatikk skriv seg frå.

Mange språkforskarar meiner likevel at genitiv ikkje er ein kasus, fordi det skil seg på fleire vis frå nominativ, akkusativ, dativ og andre kategoriar som utan tvil er kasus.

Dersom kasus blir definert som ein grammatisk kategori som uttrykkjer kva syntaktisk funksjon eit setningsledd har i ei setning, er ikkje genitiv ein kasus. Genitiv uttrykkjer ikkje kva funksjon eit setningsledd har i ei setning, men i staden ein grammatisk relasjon mellom ledd inne i ein nomenfrase.

Utvilsame kasus som nominativ, akkusativ og dativ utelukkar kvarandre alltid gjensidig, slik at eit ord ikkje kan ha fleire kasus samtidig. Men genitiv skil seg frå desse ved at det finst språk i dei fleste delar av verda der ord kan stå i både genitiv og til dømes nominativ, akkusativ eller dativ. Dette er mogeleg nettopp fordi genitiv gjeld ein relasjon innanfor nomenfrasen, medan kasus gjeld funksjonen til nomenfrasen i ei setning.

Nedanfor er eit eksempel frå det omotiske språket kafa. Setninga tyder 'Gjev Gud det som høyrer Gud til!' (Markus 12,17) — eller direkte omsett: 'Gjev Guds til Gud!' Forma Yeerichon er ei genitivform som har kasusen akkusativ.

Yeeri-ch-o-n Yeeri-ch imbote!
Gud-GENITIV-MASKULINUM-AKKUSATIV Gud-DATIV gjev

Ordet Yeerichon er akkusativ av Yeericho, som er genitiv, eintal, maskulinum av Yeeri 'Gud'. Ein kan med andre ord seie at på kafa blir genitiven bøygd i genus, numerus og kasus. På same vis er det i indoariske språk – medrekna romanes slik språket blir tala i Noreg – og mellom anna i australske språk, georgisk og quechua.

Norsk har eigedomsformer av pronomena, som min/mi/mitt/mine, din/di/ditt/dine, hans, hennar, vår/vårt/våre, dykkar, deira og sin/si/sitt/sine. Dei blir ikkje kalla genitiv-former, men possessiv, og blir analyserte som ei undergruppe av determinativa.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dixon, R.M.W. (2010–2012). Basic Linguistic Theory 1–3. Oxford: Oxford University Press. ◎ R. M. W. Dixon er den lingvisten som klårast har argumentert mot den tradisjonelle analysen av genitiv som ein kasus.
  • Eitrem, Samson (1996). Latinsk grammatikk. 3. utgåve ved Bjørg Tosterud og Egil Kaggerud. Aschehoug. ◎ S. 75–81 inneheld ei detaljert framstilling av dei ulike bruksmåtane av genitiv i latin og er representativ for mange konservative indoeuropeiske språk. Boka finst òg på bokmål.
  • Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo (1997). Norsk referansegrammatikk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Theil, Rolf (2023). Kafa. Kapittel 41 (s. 973–1004) i The Oxford Handbook of Ethiopian Languages. Oxford: Oxford University Press. ◎ Kapittelet inneheld ei framstilling av genitiv i det omotiske språket kafa.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg