Hydrokarbon er kjemiske sambindingar som berre inneheld karbon og hydrogen. Eksempel på hydrokarbon i kvardagen er propan til gasskomfyr og metan som ein finn i tarmgass. Andre hydrokarbon nyttar ein til dømes for å framstille plast, gummi og legemiddel.
Faktaboks
- Uttale
- hydrokarbˈoner
I hydrokarbon er karbonatoma bundne saman i kjeder eller ringar, medan kvart hydrogenatom berre er bunde til eitt av karbonatoma.
Ein kan fort blande hydrokarbon og karbohydrat. Eit karbohydrat inneheld karbon, hydrogen og oksygen, medan hydrokarbon berre inneheld karbon og hydrogen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.