I europeiske språk finn vi komparativkonstruksjonar som liknar den norske. På sørsamisk ser konstruksjonen slik ut, og kan bokstavleg setjast om som «Elg [er] større frå rein» (SG = singularis = eintal):
- Sarve stuerebe bovtseste.
- elg.SG.NOMINATIV stor.KOMPARATIV rein.SG.ELATIV
- ‘Ein elg er større enn ein rein.’
Komparandum står i kasuset nominativ, og komparatum i kasuset elativ (fråstadskasus), som fungerer som markør.
På gresk er markøren ein preposisjon som tyder ‘frå’, men elles avvik konstruksjonen lite frå norsk (BA = bunden artikkel; SG = singularis / eintal; NOM = nominativ; AKK = akkusativ; KOMP = komparativ):
- Ο σολομός είναι ακριβότερος από τον μπακαλιάρο.
- O solomós íne akrivóteros apó ton bakaliáro.
- BA.SG.NOM er dyr.KOMP.SG.NOM frå BA.SG.AKK torsk.SG.AKK
- ‘Laksen er dyrare enn torsken.’
Mange afrikanske språk har ein konstruksjon med eit verb med tydinga ‘overgå’, som i denne setninga frå fulfulde-dialekten i Nord-Kamerun, som bokstavleg tyder «Hund overgår katt [når det gjeld] styrke»:
- Rawaandu ɓuran paatuuru semmbe.
- hund overgå.HABITUALIS katt styrke
- ‘Hunden er sterkare enn katten.’
Sjølv om fulfulde har adjektiv, er parameteren eit substantiv, og indeksen og markøren er uttrykte saman i eit verb som i infinitiv heiter ɓurgo ‘overgå’. Komparandum og komparatum er høvesvis subjekt og objekt til dette verbet.
På mandarin finn vi ein tredje måte å gjere det på. Denne setninga tyder bokstavleg «Denne skulen enn den skulen er stor» (MO = måleord):
- 这个学校比那个学校大。
- Zhèi ge xuéxiào bǐ nèi ge xuéxiào dà.
- denne MO skule enn den MO skule er.stor
- ‘Denne skulen er større enn den skulen.’
Markøren 比 bǐ ‘enn’ (eller ‘samanlikna med’) står føre komparatum, og det finst ingen indeks.
Kommentarar (4)
skreiv muaiad mohammed Alhaddad
skreiv muaiad mohammed Alhaddad
svarte Anne Marit Godal
svarte muaiad mohammed Alhaddad
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.