Ifølgje evangelia i Bibelen blei Jesus ført for Det høge rådet og forhøyrd. Peter, den fremste av disiplene hans, følgde etter eit langt stykke unna og kom inn på gardsplassen til overprestene. Her blei han kjend att som ein av dei som var med Jesus. Men han nekta for at han kjende Jesus. Dette gjentok seg tre gonger. Då kom Peter på at Jesus hadde sagt at skulle fornekte han. Rådet bestemte seg for å gje Jesus over til Pilatus, den romerske statthaldaren i Judea.
Pilatus spurde Jesus om han var kongen over jødane. Jesus stadfesta ikkje dette direkte, men svara: «Du seier det» (Mark 15,2). Overprestane kom med mange skuldingar mot han, utan at han tok til motmæle. Kvar høgtid var det skikk at Pilatus gav ein fange fri, den folket bad om. Han spurde dei om dei ville ha «jødekongen», altså Jesus, fri.
Overprestane egga opp folket så dei ba om å få frigjeve Barabbas, ein fange som under eit opprør hadde gjort seg skuld i drap. Då Pilatus spurde kva han skulle gjere med Jesus, ropa folket at han skulle krossfestast. Pilatus spurte kva gale han hadde gjort, men dei ropa berre endå høgare. Han gav dei Barabbas fri, medan han let Jesus bli piska og gjeven over til krossfesting.
Soldatane førte Jesus inn i borggarden, der heile vaktstyrken vart samla. Dei kledde han i ei purpurkappe fletta ei tornekrone som dei sette på hovudet hans. Dei slo han og håna han. Då han hadde fått på seg sine eigne klede, blei Jesus ført til staden som heitte Golgata. Her blei Jesus krossfesta saman med to røvarar. Både dei og folk som gjekk forbi spotta han.
Ut på dagen blei det mørkt i heile landet, og mørkret varte i tre timar. Då ropa Jesus med høg røyst: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Deretter ropa han høgt og døydde. Då rivna forhenget i templet i to. Ein av Jesu følgjesvener fekk løyve til å ta ned Jesu døde kropp frå krossen og sveipte han i eit linklede. Han la Jesus i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.