Ifølgje evangelia i Bibelen blei Jesus ført for Det høge rådet og forhøyrd. Rådet bestemte seg for å gje Jesus over til Pilatus, den romerske statthaldaren i Judea. Overprestane kom med mange skuldingar mot Jesus, utan at han tok til motmæle. Pilatus fann ikkje at Jesus hadde gjort noko gale. Då det var skikk å gje ein fange fridom kvar høgtid, spurte Pilatus folkemengda om han skulle gje Jesus fri. Dei ville i staden ha frigjeve Barabbas, ein fange som under eit opprør hadde gjort seg skuld i drap. Ifølgje evangelia var det overprestene som egga opp folket, og då Pilatus spurde kva han skulle gjere med Jesus, ropa folket at han skulle krossfestast. Pilatus gav etter for presset og gav dei Barabbas fri, medan han let Jesus bli piska og gjeven over til krossfesting.
Soldatane slo og håna Jesus, før han blei ført til staden som heitte Golgata. Her blei han krossfesta saman med to røvarar. Ut på dagen fortel evangelia at blei det mørkt i heile landet, og mørkret varte i tre timar. Då ropa Jesus med høg røyst og døydde. Då rivna forhenget i templet i to. Ein av Jesu følgjesvener fekk løyve til å ta ned Jesu døde kropp frå krossen og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen og ein stein blei rulla framfor opninga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.