Multietnolekt er ein måte å bruke språk på som finst blant mange ungdomsgrupper i kulturelt og språkleg samansette miljø i storbyar og forstader i Europa. Multietnolekt kallast òg multietnolektisk stil.

Faktaboks

Også kjend som

multietnolektisk stil

Denne språklege stilen er karakterisert av at språkbrukarane flettar inn språktrekk og ord frå ei mengd andre språk i majoritetsspråket. Slik språkbruk er ikkje eit uttrykk for manglande kompetanse i majoritetsspråket, det er eit medvite gruppespråk blant dei som brukar det.

Eit liknande fenomen er etnolekt. Dette er ein varietet som snakkast av ei etnisk gruppe med same språklege bakgrunn. Multietnolekt er derimot kjenneteikna av innslag og påverknad frå mange språk.

Multietnolektisk stil

Omslagsbilde
Oliver Lovrenskis debutbok, da vi var yngre (2023), er skrevet på en muntlig måte og handler om personer som snakker i en multietnolektisk stil.
Aschehoug.

Ein seier gjerne at multietnolekt er ein «stil» for å gjere tydeleg at dette er ein måte å snakke på som ikkje kjem av manglande språkkompetanse på majoritetsspråket. Det er eit medvite språkleg val som signaliserer tilhøyrsle og identitet, på liknande måte som bruk av andre varietetar, for eksempel dialektar og sosiolektar.

Ungdommar som snakkar med ein multietnolektisk stil, meistrar også andre måtar å snakke majoritetsspråket på, for eksempel «vanleg» oslodialekt i Oslo. Dei kodevekslar gjerne mellom desse to måtane å snakke på i løpet av kvardagen sin, alt ettersom kven dei snakkar med.

Multietnolekt i Noreg

I Noreg finst det bruk av multietnolektisk stil, særleg blant ungdommar som er barn av innvandrarar, og for eksempel bur på austkanten av Oslo. Eit særtrekk ved multietnolektar er gjerne ein stakkato setningsrytme. I multietnisk norsk finst også ofte manglande inversjon i norske setningar, typen «i går eg ikkje gjekk på jobben» (korrekt norsk: «i går gjekk eg ikkje på jobben»). Multietnisk norsk kan karakteriserast som ein ungdomssjargong med mange innslag av lånord frå språk som opphavleg blir tala av ikkje-vestlege innvandrargrupper i Noreg.

Ei av dei største innvandrargruppene til Noreg var lenge Pakistan, og det er mange norskfødde i Noreg med foreldre eller besteforeldre som innvandra frå Pakistan. Ord frå dei pakistanske språka panjabi og urdu kan høyrast i multietnisk norsk, mellom anna ord som baja (venn), bodi (kjærast), tært (god, kul), lalle (stela) og andre. Dei mest brukte lånorda i den multietniske språkvarianten kjem likevel frå arabisk, persisk, berbisk, engelsk og spansk. Også ord frå språk som blir snakka på Balkan, er vanlege i dei multietniske språka i Noreg.

Ungdommar utan innvandrarbakgrunn kan også ta i bruk særdrag frå multietniske talemål brukt av innvandrarungdom, truleg for å ta del i eit etablert gruppespråk, ein ungdomssjargong i det miljøet der dei ferdast.

Multietnisk norsk var først ei nemning for språket i ungdomsmiljø i Oslo, men kan i dag også høyrast i andre byar i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hårstad, Stian og Opsahl, Toril: Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge. Bergen: Fagbokforlaget, 2013. Om Oslo-dialekten, sjå side 84-105.
  • Johannessen, J.B. og Hagen, Kristin (red.): Språk i Oslo. Ny forskning omkring talespråk, 2008. Oslo: Novus.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Oslo bymål. I: Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, 2012. Oslo: Cappelen Damm (s. 60-65).
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, 2010. Kristiansand: Portal forlag (s. 100-110.).
  • Wiggen, Geirr: Oslo bymål. I: Jahr, E.H. (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus, 1990 (s. 179-186).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg