Faktaboks

Eige namn
Ikinyarwanda
Norsk namn
rwanda
Også kjend som

kinyarwanda, ruanda (forelda skrivemåte)

Uttale

ruanda

Førstespråksbrukarar
14 828 160
Andrespråksbrukarar
4 590
Skriftsystem

Lartinsk alfabet

Språkkodar
rw, kin (RW, KIN)
ISO-639:3
kin

Rwanda er eit bantuspråk som er førstespråket (morsmålet) til 12,3 millionar menneske, eller nærmare 94 prosent av innbyggjarane, i Rwanda og 2,5 millionar i Kongo, Uganda, Tanzania og Burundi. Endonymet er Ikinyarwanda [iciɲaɾɡwaːnda].

Klassifikasjon og dialektar

Språket er nært i slekt med rundi. Dei to språka høyrer begge heime i undergruppa J av nordaustlege bantuspråk. Denne undergruppa inneheld 62 språk. Bantuspråka utgjer ei undergruppe av benue-kongospråka, som er ei undergruppe av språkfamilien niger-kongospråk.

Det er relativt små dialekt-skilnader i rwanda, og alle dialektar er innbyrdes forståelege. Ein skil mellom ein nordleg, ein sørleg, ein vestleg og ein sentral dialekt. Den sentrale dialekten blir nytta i og omkring hovudstaden Kigali og blir rekna som standarddialekten, som skriftspråket byggjer på. Denne dialekten blir også nytta i radio og tv.

Historie

Utviklinga av eit standardisert rwandisk skriftspråk byrja seint på 1800-talet, då katolske og protestantiske misjonærar sette om religiøse tekstar, mellom anna Bibelen. Misjonærane spela også ei viktig role i fremjinga av lese- og skrivekunne.

Då Rwanda blei ein sjølvstendig stat i 1962, fekk rwanda status som nasjonalspråk, men fransk, som var innført av dei belgiske kolonimaktene, heldt fram som hovudspråk i administrasjon og utdanning. Det blir undervist i rwanda berre på dei første trinna på grunnskulen.

Struktur

Fonologi

Enkeltkonsonantane i rwanda
Enkeltkonsonantane i rwanda
Lisens: CC BY SA 3.0

Rwanda har dei fem korte vokalane /i e a o u/ og dei fem lange vokalane /iː eː aː oː uː/, men dei korte og dei lange er ikkje skilde ortografisk, og blir begge skrivne i, e, a, o, u.

Språket har dei 24 eller 26 enkeltkonsonantane i Tabell 1, med dei fem oral artikulasjonsstadene labial, alveolar, postalveolar, palatal og velar. Dei to konsonantane i parentes har ikkje fonemisk status i alle dialektar.

Rwanda har mange konsonantgrupper, av typane NK, KK og NKK, der K = ikkje-nasal konsonant og N = nasal konsonant. Døme på NK er /mb nd nɡ mp nt nk mf ns nʃ mv nz nʒ/. Gruppene /mp nt nk/ blir uttala om lag som [mh nh ŋh]. Grupper av typen KK blir skrivne som konsonant + y eller w, der y blir uttala [c], [ɟ] eller [ɲ], mens w blir uttala [kʷ], [ɡʷ] eller [ŋʷ], som i desse døma:

  • py [pc], by [bɟ], my [mɲ]
  • pw [pkʷ], bw [bɡʷ], mw [mŋʷ]
  • ty [tc], dy [dɟ], nny [nɲ]
  • tw [tkʷ], dw [dɡʷ], nw [nŋʷ]

Språket skil mellom ein høg (H), ein låg (L) tone og ein fallande (HL) tone. Tonane er ikkje markerte ortografisk, som i dette dømet, der H er merkt med ´, L med ̀ og HL med ̂ i den fonemiske transkripsjonen:

  • Ortografisk: Kino gitabo ni gishya.
  • Fonemisk: /kînò ɡìtàbò nì ɡíɕà/
  • Tyding: 'Denne boka er ny.'

Morfologi

Substantiva i rwanda har 13 genus, med eigne prefiks i eintal og fleirtal, som illustrert med fire genus i denne tabellen – ortografisk, med bindestrek mellom prefiks og stamme:

  • umu-ntu 'menneske', fleirtal aba-ntu
  • iki-ntu 'ting', fleirtal ibi-ntu
  • uru-dodo 'tråd', fleirtal in-dodo
  • aka-nwa 'munn', fleirtal utu-nwa
  • ubu-shyo '(ku)flokk', fleirtal ama-shyo

Adjektiv, talord, determinativ, possessiv og verb kongruerer med substantiv i genus. Her er det illustrert med talord:

  • umu-ntu u-mwe 'eitt menneske'
  • aba-ntu ba-biri 'to menneske'
  • iki-ntu ki-mwe 'éin ting'
  • ibi-ntu bi-tatu 'tre ting'

Her er to setningar som viser korleis både adjektiv, talord og verb kongruerer med substantivet:

substantiv talord adjektiv verb
igi-tabo ki-mwe ki-nini ki-rahagije
bok éi stor er nok
'éi stor bok er nok'
substantiv talord adjektiv verb
ibi-tabo bi-tatu bi-nini bi-rahagije
bøker tre store er nok
'tre store bøker er nok'

Syntaks

Som andre bantuspråk er rwanda eit SVO-språk: Subjektet (S) står føre verbalet og objektet kjem etter, som i denne setninga:

subjekt verbal objekt
umuhigi yarashe inzovu
jeger skaut elefant
'jegeren skaut elefanten'
Som fleire eksempel i avsnittet om morfologi viser, står attributtane (adledda) etter kjernen (overleddet) i ein nomenfrase.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Zorc, R. David & Louise Nibagwire 2007. Kinyarwanda and Kirundi Comparative Grammar. Hyatsville, MD: Dunwoody Press.
  • Kimenyi, Alexandre 1978. A Relational Grammar of Kinyarwanda. Berkeley, Los Angeles, London: University of California Press.