Tadsjikisk er eit språk som tilhøyrer den sørvestlege gruppa av iranske språk, nært nærståande med persisk. Det er nasjonalspråket i Tadsjikistan, men blir òg brukt i andre sentralasiatiske land.
Tadsjikisk er truleg førstespråket til nærmare 7,5 millionar menneske. 5,8 millionar av dei bur i Tadsjikistan og 1,3 millionar i Usbekistan. Mindre grupper finst i Iran, Kasakhstan, Kirgisistan, Russland, Turkmenistan og Ukraina. Tadsjikisk er offisielt språk i Tadsjikistan. Standardspråket byggjer på dialektane i Bukhara og Samarkand, men dialektane er sterkt påverka av dei tyrkiske nabospråka (usbekisk).
Endonymet for språket er tōjīkī тоҷикӣ 'tadsjikisk', og tōjīk тоҷик 'tadsjik' for ein medlem av den etniske gruppa. Landet heiter Tōjīkistōn Тоҷикистон 'Tadsjikistan', med hovudstaden Dušanbē Душанбе 'Dusjanbe'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.