Ragnar Hovland
Faktaboks
- Fødd
- 15. april 1952, Bergen
- Verke
- Forfattar
- Familie
-
Foreldre: Prest Håkon Hovland (1924–) og lærar Sigrid Indrebø (1928–).
Gift 1) 1978 med adjunkt Sabine Angelika Rolka (29.7.1952–), dotter til trygdefunksjonær Theodor Rolka (1921–79) og Elisabeth Hoffmann (1922–), ekteskapet oppløyst 1992; 2) 1996 med Tove Olaug Bakke (19.12.1954–), dotter til gardbrukar og trygderevisor Karl Bakke (1930–) og gardbrukar og hytteutleigar Marit Fjerdingren (1930–91).
Bakgrunn
Ragnar Hovland er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og flytte mellom fleire stader på Vestlandet i løpet av barndomen og ungdomen. Han er cand.philol. med fransk hovudfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore hovudkonsulent for skjønnlitteratur på Det Norske Samlaget og er med i bandet Dei nye kapellanane, der han syng og spelar keyboard.
Forfattarskapen
Hovland har ein stor og variert forfattarskap bak seg, som tel over femti titlar, i tillegg til om lag femti omsetjingar. Han debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Seinare har det kome noveller, kortprosa, dikt, barnebøker, ungdomsbøker, essays, sakprosa – dels saman med andre forfattarar – og skodespel, i tillegg til ei rekkje romanar. Hovlands signatur ha også vore å finne i spalta «Innsida» i Dag og Tid frå 2001.
Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, blant lesarar og ikkje minst blant forfattarar. Den svært lokale og samstundes europeiske stilen, humoren og bruken av intertekstualitet ser ein att hos yngre forfattarar, ikkje minst hos dei som skriv på nynorsk. Også på denne måten er Hovland ein av dei mest sentrale norske forfattarane dei siste tiåra.
Skrivestil og tema
Trass i stor form- og sjangervariasjon har forfattarskapen til Hovland ein eigen tone, som går att frå barnebok til vaksenroman og vidare inn i sakprosaen. Denne tonen har fått mange namn, til dømes ironisk naivisme, nysentimentalisme, vestlandssurrealisme eller rett og slett sprø humor. Tonen er kjenneteikna mellom anna ved intertekstualitet: Både Bibelen, den nynorske songskatten, film og musikk lèt seg spore på og mellom linjene. Eit anna kjenneteikn er dei smidige overgangane mellom kvardagslege situasjonar og det høgst oppsiktsvekkjande eller beint fram utenkjelege.
Landskapet der handlingane utspelar seg er oftast vestnorsk, men det er sjeldan snakk om ein stad som lèt seg identifisere, med mindre det er snakk om Bergen. Mange av personane er på reise gjennom dette landskapet, av ikkje alltid krystallklare grunnar. Denne reisinga speglar seg i titlar som Ei vinterreise, Ein motorsykkel i natta, Eline og Julie tek ferja, Bjørnen Alfred og Hunden Samuel forlet pappkartongen, Bussen til Peking og, under tvil, Sveve over vatna – for å nemne nokre.
Personane i bøkene har ei eiga evne til å overraske lesaren, gjerne på den måten at dei har meir å fare med enn ein i første omgang skulle tru. Dr. Munk er ein verdig og typisk representant for denne karakteren: Han er sauebonde, filosof, revolusjonær proletar, rytmegitarist, gjesteførelesar ved universitetet og hobbypsykoanalytikar med divan. Dessutan brevvekslar han med Johnny Rotten i The Sex Pistols og er elles full av usannsynlege historier. Dr. Munk dukkar første gongen opp i forfattarskapen i Sveve over vatna (1982).
I romanen Ei vinterreise er Hovland meir eksplisitt biografisk og meir uironisk alvorleg enn i tidlegare bøker. Her lèt han annakvart kapittel vere frå dagboka han skreiv då han vart ramma av kreft, fekk behandling og vart frisk att, medan resten av romanen er ein klassisk hovlandsk roadmovie, som også på mange måtar skildrar ei reise på liv og død, men trygt innanfor fiksjonsuniverset.
Omsetjingsarbeidet
Hovland er også omsetjar av fransk, tysk, engelsk og svensk litteratur. Når det gjeld dei om lag halvt hundre omsetjingane og gjendiktingane som er signerte Ragnar Hovland, er den raude tråden ikkje like tydeleg: Her er det snakk om eit stort spenn, som går frå Guillaume Apollinaires Den melankolske vaktposten til Lena og Olof Landströms Bø og Bæ blir våte.
Utmerkingar
Hovland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, mellom anna Brageprisen i 1992 for Ein motorsykkel i natta, Diktartavla i 1999, Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris i 2001 for Ei vinterreise, Norsk litteraturkritikerlags barnepris i 2006 for romanen Fredlaus, Doblougprisen i 2008 og Bastianprisen same året for nyomsetjinga av Georgs magiske medisin av Roald Dahl. Han var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 1997 og under De Litterære Festspill i Bergen i 2008. I 2012 fekk Ragnar Hovland Aschehougprisen.
Bibliografi
- Litt betyr det no likevel (Essays, Samlaget, 2019)
- Om noko skulle skje (Roman for ungdom, Samlaget, 2016)
- Frå Ragnar til alle (Prosa, Samlaget, 2013)
- Stille natt (Roman, Samlaget, 2011)
- Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly : ei reise i Canada (Medf.) (Dokumentar og historie, Wigestrand Forlag, 2011)
- Kunsten å komme heim og andre essay (Essays, Samlaget, 2011)
- Dr. Munks popleksikon (Sakprosa, Samlaget, 2008)
- Fredlaus. (Ungdomsbok, Samlaget, 2006)
- 1964. (Roman, Samlaget, 2006)
- Bjørnen Alfred og hunden Samuel. (Barnebok, Samlaget, 2002)
- Verdt å vite (trur eg) (Ungdomsbok, Gyldendal Tiden, 2002)
- Norske gleder. (Prosa, Samlaget, 2002)
- Ei vinterreise (Roman, Samlaget, 2001)
- Åleine i alpane. 20 bøker. (Roman, Samlaget, 1999)
- Guillaume Appolinaire: Dikt i utval. (Gjendiktning, Samlaget, 1998)
- Detektivforteljing. (Barnebok, Samlaget, 1998)
- Halve sanninga. (Roman, 1997)
- Norrøne gudar. (Sakprosa, 1996)
- Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville. (Lyrikk for barn og ungdom, 1996)
- Dr. Munks testamente. (Roman, 1996)
- Ein dag i Sherwoodskogen. (Barnebok, 1994)
- Eline og Julie tar ferja. (Roman, 1994)
- Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen. (Barnebok, Samlaget, 1993)
- Over Bali og Hawaii. (1992)
- Ein motorsykkel i natta. (Ungdomsbok, 1992)
- Ei lang reise. (Ungdomsbok, 1992)
- Paradis. (Roman, 1991)
- Konspirasjonar. (1990)
- Sjølmord i Skilpaddekafeen. (Kortprosa, 1989)
- Mercedes. (Ungdomsbok, 1989)
- Utanfor sesongen. (Roman, 1988)
- Love Me Tender. (Dramatikk, 1988)
- Vegen fram. (Dramatikk, 1987)
- Emil og Kaffekokaren. (Barnebok, 1987)
- Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr. (Barnebok, 1986)
- Professor Moreaus løyndom. (Roman, 1985)
- Elefantmusikken. (Lyrikk, 1985)
- Bussen til Peking. (1984)
- Jakta på salamanderen. (Barnebok, 1983)
- Under snøen. (Roman, 1983)
- Sveve over vatna. (Roman, 1982)
- Vegen smal og porten trang. (Noveller, 1981)
- Det får stå til. (Barnebok, 1980)
- Alltid fleire dagar. (Roman, 1979)
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997
- Nilsen, Kaj Berseth: "Fiksjon og projeksjon: ei linje gjennom Ragnar Hovlands forfatterskap" i Norsklæraren 20, nr. 4 (1996), 54-63
- Osdal, Ragnar Didrik: Ragnar Hovland – brot og kontinuitet : "Sveve over vatna" og den nynorske skriftkulturen, 2006 (Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet, 22)
- Ragnar Hovland: forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 2003
- Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.