Buster Keaton
Buster Keaton | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 4. oktober 1895 Piqua |
Død |
1. februar 1966 (70 år) |
Yrke | komikar, filmprodusent, skribent, filmklyppar, militær, stuntmann, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, pantomimekunstner, filmregissør, skodespelar, produsent, filmskodespelar, offiser, regissør, manusforfattar |
Språk | engelsk |
Høgd | 165 centimeter |
Far | Joe Keaton |
Mor | Myra Keaton |
Ektefelle | Natalie Talmadge, Eleanor Keaton |
Nettstad | http://www.busterkeaton.com |
Buster Keaton på Commons |
Buster Keaton, fødd Joseph Frank Keaton Jr., (4. oktober 1895–1. februar 1966) var ein populær stumfilmskodespelar og regissør frå USA. Han var kjend under tilnamnet «Stoneface» på grunn av det urørlege, men livfulle pokerfjeset sitt.
Keaton var fødd i Piqua i Kansas som barn av vaudevillestjernene Joe og Myra Keaton. Han fekk tilnamnet Buster då han deltok som barn i opptredenane til foreldra og blei kasta rundt.
Etter å ha delteke i første verdskrigen kom han til eit filmstudio i 1917 og laga sin første kortfilm, The Butcher Boy, instruert av Roscoe Arbuckle. Keaton lagde 15 kortfilmar for Arbuckle, men i 1920 laga han sin første spelefilm og i 1921 starta han selskapet Buster Keaton Productions der han frå då av skreiv, instruerte og spelte i sine eigne filmar. Filmane til Keaton er prega av slapstick-komikk blanda med lett tragiske element av ein ung mann som ofte må gå gjennom mykje for å få jenta han elskar.
Som mange andre stumfilmstjerne klarte ikkje Keaton overgangen til lydfilm. Han hadde grov stemme og sleit med å seie replikkar. I 1959 mottok han ein æresoscar for verket sitt. Han har òg fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame. Keaton døydde av lungekreft i Los Angeles i California.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Buster Keaton» frå Wikipedia på bokmål, den 5. mars 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]