Carchiprovinsen
Utsjånad
Carchi | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Tulcán | ||
Areal | 3 780,45 km² | ||
Folketal | 172 828 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Carchiprovinsen 0°45′00″N 78°05′00″W / 0.75°N 78.083333333333°W | |||
Kart som viser Carchiprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Carchi Province |
Carchi (spansk uttale: [ˈkaɾtʃi]) er ein provins i Ecuador lengst nord i La Sierra-regionen, høglandet. Han grensar mot Sucumbíos i aust, Colombia i nord, mot Imbabura i sør, og mot Esmeraldas i vest. Hovudstaden er Tulcán.
Carchi-elva har kjelda i skråningane av vulkanen Chiles og dannar grensa mellom Colombia og Ecuador nær byen Tulcan. Rumichaca-brua er den viktigaste landvegen mellom Colombia og Ecuador.
Provinsøkonomien er basert på industri- og landbruksproduksjon. Produkta inkluderer mellom anna potetar, mais, tobakk og meieriprodukt.[2]
Provinsen er delt inn i 6 kantonar, den mest folkerike kantonen er Tulcán i nordaust med over 100 000 innbyggjarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.
- ↑ «ExploRed - ECUADOR online». explored.com.ec. Arkivert frå originalen 11. mai 2012. Henta 11. juni 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Carchi Province» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2023.