Chimborazoprovinsen
Chimborazo | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Riobamba | ||
Areal | 6 499,72 km² | ||
Folketal | 471 933 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Chimborazoprovinsen 1°59′00″S 78°43′00″W / 1.9833333333333°S 78.716666666667°W | |||
Kart som viser Chimborazoprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Chimborazo Province |
Chimborazo (spansk uttale: [tʃimboˈɾaso]) er ein provins som ligg i Andesfjella i La Sierra-regionen, sentralt i høglandet i Ecuador. Provinsen har namn etter den 6310 meter høge vulkanen Chimborazo.
Han grensar mot Tungurahua i nord, Napo i nordaust, mot Morona Santiago i aust, mot Cañar i sør og mot Bolívar i vest. Hovudstaden er Riobamba.
Provinsen er delt inn i 10 kantonar, den mest folkerike kantonen er Riobambakantonen med over 225 000 innbyggjarar.
Forutan Chimborazo ligg også vulkanane El Altar, Cubillín og deler av Sangay, og dessutan Sangay nasjonalpark, i Chimborazoprovinsen. I tillegg er Colta-sjøen (Laguna de Colta) ein del av naturarven i provinsen.
Togreisa frå Riobamba via Guamote, «Djevelens nase» (Nariz del Diablo), Alausí, Sibambe, Huigra til Bucay, eller delar av denne ruta, blir rekna som ein turistattraksjon. Tidlegare utgjorde denne strekninga den mest spektakulære delen av jernbanesambandet mellom Guayaquil-Durán og Quito, men denne blir ikkje lenger betent regelmessig på grunn av jordskred og konkurranse frå bussruter.
Panamericana-vegen kryssar provinsen og deler seg frå nord ved Cajabamba i to ruter som begge fører gjennom høglandet og kystsletta til Peru.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Provinz Chimborazo» frå Wikipedia på tysk, den 29. september 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.