Encore av Tangerine Dream
Encore Konsertalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | 1977 | |
Innspelt | Mars - april 1977, Nord-Amerika | |
Sjanger | Elektronisk musikk | |
Lengd | 71:49 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Tangerine Dream | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Tangerine Dream-kronologi | ||
Sorcerer (1977) |
Encore | Cyclone (1978)
|
Encore: Tangerine Dream Live er eit konsertalbum av det tyske electronicabandet Tangerine Dream frå 1977.[2] Opptaka vart hovudsakleg gjort på den særs suksessfulle turneen deira i USA i 1977.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Våren 1977 drog Tangerine Dream på to utselde turnear i USA. I oktober 1977 gav dei ut det doble Encore med fire lange spor spelte inn under desse turenane. Noko av musikken var basert på tema frå Ricochet, Stratosfear og Sorcerer. Titlane «Coldwater Canyon» (inkludert den lengste gitarsoloen av Edgar Froese som bandet gav ut) og «Cherokee Lane» kjem frå vegar i Coldwater Canyon nær Los Angeles, der Tangerine Dream budde medan dei turnerte.[3]
Encore vert ofte rekna som det definitive konsertalbumet med Tangerine Dream av fansen deira, og det var det siste spelte inn med Peter Baumann, for etter ein konsert i Denver, under den andre halvdelen av turneen deira, informerte han Edgar Froese og Chris Franke om at privatlivet hans ikkje lenger let han vere fulltidsmedlem av Tangerine Dream. I november 1977 slutta Peter Baumann for godt og fortsette å arbeide som soloartist og produsent. Han bygde sitt eige studio i Berlin, før han sidan flytta til New York.[3]
Edgar Froese sa i 1985: «Det er eit stykke her, «Monolight», som syner dei klassiske tilnærmingane våre. Me høyrer ofte på klassisk musikk og kjenner oss særs nær Bach på grunn av kontrapunkta, bruken av sekvensar og meisterverka han skreiv med tanke på basslinjer. Jack Bruce sa at Bach var den beste bassisten gjennom tidende, og det er eg heilt samd i.» [3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cherokee Lane» | 16:19 |
2. | «Monolight» | 19:54 |
3. | «Coldwater Canyon» | 18:06 |
4. | «Desert Dream» | 17:30 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Peter Baumann – Projeckt Elektronik-sekvenser, Fender Rhodes, EMS Vocoder, Mellotron M400, ELKA Rhapsody 610, ARP Pro Soloist, Mellophonium, produsent, lydteknikar, mastering, miksking
- Christopher Franke – Projeckt Elektronik-sekvender, Computerstudio digital sekvenser, Oberheim OB-1, ELKA Rhapsody 610, elektronisk perkusjon, ARP Pro Soloist, Oberheim-sekvenser, Moog modular synthesizer, Mellotron M400, produsent, lydteknikar, mellotron, sekvens-laging, mastering
- Edgar Froese – gitar, Moog modular synthesizer, Mellotron Mark V, Steinway flygel, Oberheim Four Voice, ARP Omni, Palm Products GmbH 1020, Projeckt Elektronik-sekvenser, Mellophonium, produsent, lydteknikar, mellotron, mastering