Tangerine Dream
Tangerine Dream | |||
Tangerine Dream på scenen i 2007 | |||
Opphav | Vest-Berlin i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Elektronisk musikk, Berlin-skulen, New Age, electronica, ambient, krautrock | ||
Plateselskap | Ohr, Virgin, Caroline, Jive Electro, Private Music, Miramar, TDI, Eastgate, Sequel/Castle/Sanctuary/BMG, Relativity | ||
Medlemmer | Edgar Froese Linda Spa Thorsten Quaeschning | ||
Tidlegare medlemmer | Volker Hombach Lanse Hapshash Kurt Herkenberg Charlie Prince Steve Jolliffe Klaus Schulze Conrad Schnitzler Steve Schroyder Peter Baumann Christopher Franke Michael Hoenig Klaus Krüger Johannes Schmoelling Paul Haslinger Ralf Wadephul Jerome Froese | ||
Verka som | videospillkomponist |
Tangerine Dream er ei tysk elektronisk musikk-gruppe som vart starta i 1967 av Edgar Froese. Bandet har hatt mange forskjellige medlemmar gjennom tida og Froese var det einaste som var med heile tida fram til han døydde i i 2015. Trommeslagaren og komponisten Klaus Schulze var ei kort stund med i gruppa i dei tidlege dagane, men den mest stabile versjonen av gruppa, i den innverknadsrike perioden deira midt i 1970-åra, var ein trio med Froese, Christopher Franke og Peter Baumann. Tidleg i 1980-åra erstatta Johannes Schmoelling Baumann, og denne besetninga var òg stabil og i tillegg særs produktiv.
Dei tidlege «Pink Years»-albuma til Tangerine Dream spelte ei viktig rolle i utviklinga av krautrock. Seinare då dei var på Virgin, vart albuma deira viktige i å definere sjangeren New Age-musikk, sjølv om bandet mislikte dette merket.
Sjølv om gruppa har gjeve ut mange studio- og konsertopptak, har mange av tilhengjarane deira vorte introdusert for Tangerine Dream via filmmusikken deira, som tel over seksti filmar med mellom anna Sorcerer, Thief, The Keep, Risky Business, Firestarter, Legend, Near Dark, Shy People og Miracle Mile.
Besetning
[endre | endre wikiteksten]Seint i 1960- og tidleg i 1970-åra var det fleire kortvarige variantar av Tangerine Dream starta av Froese i lag med forskjellige musikarar frå undergrunnsmiljøet i Vest-Berlin. Eit par av dei som var med i desse tidlege versjonane var Steve Jolliffe, Klaus Schulze og Conrad Schnitzler.
Ein av dei mest kjende som vart med i bandet var Christopher Franke. Franke kom med i Tangerine Dream i 1970 frå gruppa Agitation Free for å erstatte Schulze som trommeslagar. Han har fått æra for å ha oppdaga sequencer-teknikken, som dei først nytta på Phaedra, og som skulle kome til å definere musikken til bandet. Franke slutta i Tangerine Dream nesten tjue år seinare, i 1987, då han var usamd med Froese om den musikalske retninga til bandet.
Andre langtidsmedlemmar i gruppa var Peter Baumann (1971–1977), som seinare starta New Age-selskapet Private Music, som bandet skreiv kontrakt med frå 1988 til 1991, Johannes Schmoelling (1979–1985), Paul Haslinger (1986–1990) og sonen til Froese Jerome Froese (1990–2006).
Mange andre var medlem av Tangerine Dream i kortare periodar, og i motsetnad til studiomusikarar, medverka dei i skrivinga av noko av musikken til bandet. Dei fem mest kjende av desse kortvarige medlemmane er Steve Schroyder (organist, 1971–72), Michael Hoenig (som erstatta Baumann for ein turné i Australia i 1975 og ein konsert i London), Steve Jolliffe (blåseinstrument og vokal på Cyclone og den påfølgjande turneen. Han var òg ei kort stund i bandet i 1969), Ralf Wadephul (i lag med Edgar Froese spelte han inn Blue Dawn, men dette kom først ut i 2006) og Linda Spa (saksofonist som deltok på mange album og konsertar mellom 1990 og 1996, og frå 2005 og frametter).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Opphav: Psykedelia og krautrock
[endre | endre wikiteksten]Edgar Froese kom til Vest-Berlin i midten av 1960-åra for å studere kunst. Det første bandet hans, eit R&B-band kalla The Ones, gjekk gradvis i oppløysing etter å ha gjeve ut ein singel, og Froese starta å eksperimentere og spelte små konsertar med forskjellige musikarar. Dei fleste av desse konsertane vart haldne i det kjende Zodiak Free Arts Lab, og bandet til Froese vart òg invitert til å spele for Salvador Dalí. Musikk vart blanda med litteratur, måleri og tidlege former for multimedia og anna. Berre dei mest underlege ideane trekte til seg merksemd, og Froese oppsummerte det heile slik: «I det absurde ligg ofte det som er kunstnarisk mogeleg». Ettersom medlemmar i gruppa kom og gjekk, var musikken til bandet framleis inspirert av surrealistar, og gruppa nytta etter kvart det surrealistiske namnet Tangerine Dream om seg sjølv inspirert av linja «tangerine trees and marmalade skies» frå The Beatles-songen «Lucy in the Sky with Diamonds».[1]
Froese var fascinert av teknologi og korleis han kunne nytte dette til å skape musikk. Han bygde eigne instrument og alle stader han gjekk samla han inn lydar med bandopptakarar som han lagde musikk av seinare. Det tidlege arbeidet hans med bandsløyvre og andre repeterande lydar var ein føregangar til den gryande teknologien med sekvenser, som Tangerine Dream raskt byrja å nytte då det kom.
Det første Tangerine Dream-albumet, Electronic Meditation, var ei samling av lydbandopptak der ein nytta teknologien på den tida vart nytta i staden for syntheisermusikken dei seinare vart kjende for. Besetninga på albumet var Froese, Klaus Schulze og Conrad Schnitzler. Electronic Meditation vart gjeve ut på Ohr i 1970, og byrja ein periode kjend som Pink Years (Ohr-logoen var eit rosa øyre). Med det andre albumet Alpha Centauri vart gruppa ein trio og stundom ein duett, på elektroniske instrument, ofte med Froese på gitar og stundom andre instrument.
Virgin-åra
[endre | endre wikiteksten]Albumet deira frå 1973, Atem vart kalla årets album av den britiske DJen John Peel, og dette var medverkande til at Tangerine Dream fekk platekontrakt med Virgin Records same året. Kort tid etter gav dei ut albumet Phaedra, eit uhyggeleg lydlandskap som uventa nådde 15. plass på albumlista i Storbritannia og vart ein av dei første verkeleg hitalbuma til Vrigin. Phaedra var eit av dei første kommersielle albuma der det vart nytta sekvenserar og skulle definere den vidare stilen til bandet.
I 1980-åra nytta bandet, som andre elektronicapionerar som Jean Michel Jarre og Vangelis, tidleg digital teknologi som revolusjonerte synthesizermusikken, sjølv om bandet hadde nytta digitalt utstyr så tidleg som på midten av 1970-talet. Med erfaringa dei hadde med å lage eigne instrument og uvanlege måtar å skape lydar på, klarte dei å utnytte denne nye teknologien til å lake musikk ulikt noko ein hadde høyrt tidlegare. I dag høyres kanskje ikkje denne musikken så uvanleg ut, men det er fordi teknologien dei nytta på den tida i dag nesten er universell.
Tangerine Dream-konsertar
[endre | endre wikiteksten]Dei tidlege konsertane til Tangerine Dream var enkle visuelt sett etter dagens standard der tre menn sat urøyrlege i timesvis ved massive elektroniske boksar med haugevis av leidningar og nokre få blikande lys. Somme konsertar vart haldne i totalt mørkre. Etter kvart som teknologien vart meir avansert, byrja bandet å nytte fleire visuelle effektar, lys, laserar, pyroteknikk og prosjektorar.
I 1970- og 1980-åra turnerte bandet mykje. Konsertane bestod ofte av musikk som ikkje var gjeve ut før eller som var improvisert, og vart ofte piratkopiert. Dei var berykta for å spele særs høgt (målt til 134 desibel i 1976) og lenge. Bandet gav ut mange konsertalbum, og somme av konsertopptaka danna grunnlaget for studioalbum.
Med vokal
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste av albuma til Tangerine Dream er heilt instrumentale, men to album har ein del tekst, Cyclone (1978) og Tyger (1987), som begge vart møtt med misnøye hos fansen. Det har vore noko vokal på andre utgjevingar av bandet, som songen «Kiew Mission» frå Exit og «The Harbor» frå Shy People frå 1987, og berre nyleg nytta bandet igjen vokal på den musikalske trilogien deira basert på Dante sin Divine Comedy og albumet deira Madcap's Flaming Duty frå 2007.
Etter ein konsert i Aust-Berlin i 1980 vart dei eit av dei første større vestlege banda som spelte i eit kommunistland. Tangerine Dream vart særs populære bak jernteppet. Dei var eit av dei mest populære banda i Polen tidleg i 1980-åra og gav ut eit dobbelt konsertalbum av ein av konsertane sine der kalla Poland, spelt inn vinteren 1983. På grunn av den abstrakte karakteren til musikken og fordi dei ikkje hadde tekstar, vart dei ikkje sensurerte, i motsetnad til mange andre vestlege band.
Filmmusikk
[endre | endre wikiteksten]Gjennom 1980-åra skreiv Tangerine Dream musikk til meir enn tjue filmar. Dette hadde vore ei interesse for Froese sidan seint i 1960-åra, då han laga musikk til ein obskur polsk film, og spelte samstundes som skodespelar i fleire tyske undergrunnsfilmar. Han laga musikken til den eksperimentelle filmen Never shoot the bathroom man, regissert av Jürgen Polland.[2] Mykje av filmmusikken var omskrivingar av musikken frå studioalbuma eller musikk som seinare vart omskrive for komande studioalbum.
Nyare tid
[endre | endre wikiteksten]I 1996 starta gruppa sitt eige plateselskap, TDI, og meir nyleg, Eastgate. Album som er gjevne ut dei nyare åra er generelt ikkje til sals i butikk, men vert seld via postordre eller på nett.
Edgar Froese har òg gjeve ut fleire soloplater som er i same musikalske stil som musikken til Tangerine Dream.
I 2010 framførte gruppa Zeitgeist i Royal Albert Hall i London, 35 år etter dei framførte dette stykket der i 1975. Heile konserten vart gjeven ut på eit trippelt konsertalbum.[3]
Edgar Froese døydde brått i Wien den 20. januar 2015 av lungeemboli.[4][5] Dei attverande medlemmane i gruppa (Quaeschning, Schnauss og Yamane) og Bianca Acquaye (enkja til Froese) heldt fram arbeidet i lag for å fullføre visjonen Froese hadde for gruppa. Tangerine Dream heldt den første konerten sin utan Froese den 9. juni 2016 i Szczecin i Polen.[6]
Den 29. september 2017 gav Tangerine Dream ut eit nytt studioalbum, kalla Quantum Gate, og feira 50-årsjubileet til starten av bandet. Albumet var basert på idear og musikalske skisser av Froese og vart fullført av dei attverande medlemmane.[7]
31. januar 2020 gav Tangerine Dream ut Recurring Dreams som bestod av 11 spor med nyinnspelingar av klassiske spor av bandet. 9. juni 2020 vart Paul Frick det første medlemmet som vart med i gruppa etter Froese døydde.
I popkulturen
[endre | endre wikiteksten]- Det første albumet til Kaleidoscope (frå november'1967) vart kalla Tangerine Dream.
- Steven Wilson frå Porcupine Tree har omtalt Tangerine Dream som ein av inspirasjonskjeldene i musikken hans, og har omtalt Zeit som favorittalbumet hans.
- Den japanske electronicamusikaren Susumu Hirasawa dediserte songen «Island Door (Paranesian Circle)» til Tangerine Dream.
- Science fiction-forfattaren Alastair Reynolds har skrive om universet Revelation Space der ein av gassplanetane i systemet Epsilon Eridani heiter Tangerine Dream.
- Det japanske bandet Do As Infinity sin debutsingel «Tangerine Dream» er kalla opp etter bandet.
- Till Lindemann, vokalist i Rammstein, har omtalt Tangerine Dream som ei inspirasjonskjelde.
- Mot slutten av Tenacious D-songen «City Hall» syng Jack Black «Malibu nights, tangerine dreams».
- Det britiske rockebandet Kasabian skildra Tangerine Dream som ein av deira andelege inspirasjonskjelder.
- I filmen Valley Girl frå 1983, kan ein sjå rollefiguren Randy (spelt av Nicolas Cage) med ei Tangerine Dream-T-skjorte.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Tangerine Dream har gjeve ut over hundre album (utanom samleplater) i løpet av fire tiår. Eit prosjekt der dei samla inn og gav ut konsertopptak gjort av tilhengjarane, kalla Tangerine Tree, pågjekk frå 2002 til 2006.
Konsert- og studioalbum
[endre | endre wikiteksten]Innspelt | Utgjeve | Type | Album | Notes |
---|---|---|---|---|
The Pink Years | ||||
1969 | 1970 | studio | Electronic Meditation | |
1971 | 1971 | studio | Alpha Centauri | |
1972 | 1972 | studio | Zeit | |
1972 | 1973 | studio | Atem | |
The Virgin Years | ||||
1973 | 1974 | studio | Phaedra | |
1975 | 1975 | studio | Rubycon | |
1975 | 1975 | live | Ricochet | |
1976 | 1976 | studio | Stratosfear | |
1977 | 1977 | live | Encore | |
1978 | 1978 | studio | Cyclone | |
1979 | 1979 | studio | Force Majeure | |
1980 | 1980 | studio | Tangram | |
1980 | 1980 | live | Quichotte | Gjeve ut på ny i 1986 som Pergamon |
1981 | 1981 | studio | Exit | |
1982 | 1982 | studio | White Eagle | |
1982 | 1982 | live | Logos Live | |
1983 | 1983 | studio | Hyperborea | |
The Blue Years | ||||
1983 | 1984 | live | Poland | |
1985 | 1985 | studio | Le Parc | |
1973–1984 | 1986 | studio | Green Desert | Remixa frå ei innspeling frå 1973 |
1986 | 1986 | studio | Underwater Sunlight | |
1987 | 1987 | studio | Tyger | |
|
1988 |
|
Livemiles | Gjeve ut på ny i 1996 som Live Miles |
The Melrose Years | ||||
1988 | 1988 | studio | Optical Race | |
1989 | 1989 | studio | Lily on the Beach | |
1990 | 1990 | studio | Melrose | |
The Seattle Years | ||||
1991–1992 | 1992 | studio | Rockoon | |
1992–1997 | 1992 | studio | Quinoa | |
1992 | 1993 | live | 220 Volt Live | |
1993–1994 | 1994 | studio | Turn of the Tides | |
1994 | 1995 | studio | Tyranny of Beauty | |
1995 | 1995 | studio | The Dream Mixes | Series: Dream Mixes |
The TDI Years | ||||
1996 | 1996 | studio | Goblins Club | |
1997 | 1997 | live | Tournado | |
1997 | 1997 | studio | TimeSquare | Series: Dream Mixes |
1997 | 1997 | live | Ambient Monkeys | |
1986–1997 | 1998 |
|
Dream Encores | |
1997 | 1998 | live | Valentine Wheels | |
1982 | 1999 |
|
Sohoman | |
1999 | 1999 | studio | Mars Polaris | |
1976 | 2000 |
|
Soundmill Navigator | Konsertopptak frå 1976 |
1971–1988 | 2000 |
|
Antique Dreams | |
1998–2000 | 2000 | studio | The Seven Letters from Tibet | |
1977–2001 | 2001 | studio | The Past Hundred Moons | Series: Dream Mixes |
2001–2002 | 2002 |
|
Inferno | Series: Dante |
2002 | 2002 |
|
The Melrose Years | |
1974, 1975, 1976 | 2003 | live | The Bootleg Box Set Vol. 1 | |
1972–2003 | 2003 | studio | DM 4 | Series: Dream Mixes |
1988 | 2003 | live | Rockface | Series: Vault |
1976, 1977, 1978, 1981, 1983 | 2004 | live | The Bootleg Box Set Vol. 2 | |
2003–2004 | 2004 | studio | Purgatorio | Series: Dante |
1981 | 2004 | live | Aachen–January 21st 1981 | Series: Bootmoon |
1977 | 2004 | live | Montreal–April 9th 1977 | Series: Bootmoon |
1981 | 2004 | live | Paris–February 2nd 1981 | Series: Bootmoon |
1982 | 2004 | live | Sydney–February 22nd 1982 | Series: Bootmoon |
1986 | 2004 | live | Ottawa–June 20th 1986 | Series: Bootmoon |
1990 | 2004 | live | East | Series: Vault |
1992 | 2004 | live | Arizona Live | Series: Vault |
1986 | 2005 | live | Cleveland–June 24th 1986 | Series: Bootmoon, Vault |
1986 | 2005 | live | Brighton–March 25th 1986 | Series: Bootmoon, Vault |
1983–2005 | 2005 | studio | Kyoto | |
1990 | 2005 | studio | Jeanne d'Arc | |
1999 | 2005 | live | Rocking Mars | Series: Vault |
The Eastgate Years | ||||
2005 | 2005 | studio | Phaedra 2005 | |
|
2006 | studio | Blue Dawn | |
2005 | 2006 | studio | Paradiso | Series: Dante |
2007 | 2007 | studio | Springtime In Nagasaki | Series: Five Atomic Seasons |
2006 | 2007 | studio | Madcap's Flaming Duty | |
2007 | 2007 | studio | Summer In Nagasaki | Series: Five Atomic Seasons |
2007 | 2007 | studio | One Times One | |
1977 | 2006 | live | Detroit–March 31st 1977 | |
1980 | 2008 | studio | Preston- November 5th 1980 | |
1982–2006 | 2006 | studio | Tangerine Dream Plays Tangerine Dream | |
2008 | 2008 | single | Purple Diluvial | |
2008 | 2008 | studio | Views from a Red Train | |
2008 | 2008 | studio | The Anthology Decades | |
2008 | 2008 | studio | Tangram 2008 | |
2008 | 2008 | studio | Hyperborea 2008 | |
2008 | 2008 | studio | Autumn in Hiroshima | Series: Five Atomic Seasons |
2008–2009 | 2009 | studio | Flame | |
2008–2009 | 2009 | studio | Chandra | |
2009 | 2009 | live | Live @ Dussmann Berlin | |
2009 | 2009 | studio | Winter in Hiroshima | Series: Five Atomic Seasons |
1975–2010 | 2010 | studio | DM V | Series: Dream Mixes |
2010 | 2010 | live | Zeitgeist Concert | |
2010 | 2010 | studio | Under Cover – Chapter One | |
2010 | 2010 | studio | The Endless Season | Series: Five Atomic Seasons |
2011 | 2011 | studio | The Island of the Fay | Series: Eastgate's Sonic Poems |
2011 | 2011 | studio | The Angel of the West Window | Series: Eastgate's Sonic Poems |
2011 | 2011 | live | The Gate of Saturn— Tangerine Dream Live at the Lowry Manchester 2011 | |
2011 | 2011 | studio | Finnegan's Wake | Series: Eastgate's Sonic Poems |
2011 | 2011 | live | Knights of Asheville | |
2012 | 2012 | live | Live at Admiralspalast Berlin | |
2012 | 2012 | live | Live in Budapest |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ DeRogatis, Jim (2003). Turn on Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Milwaukee: Hal Leonard Corporation. s. 263. ISBN 0-634-05548-8.
- ↑ «Edgar Froese». Voices in the net. July, 2010. Henta 7. april 2013.
- ↑ «EASTGATE Music Shop - b9501f». Ssl-id.de. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 15 October 2011.
- ↑ «Tangerine Dream founder Edgar Froese dies». The Guardian. 23 January 2015. Henta 5. juli 2020.
- ↑ «R.I.P. Tangerine Dream's Edgar Froese». Exclaim!. 23 January 2015. Henta 23 January 2015.
- ↑ Froese, Edgar. «Internationales Festival für Elektronische Musik». Schwingungen-festival.de.
- ↑ «Tangerine Dream – The new studio album, Quantum Gate Celebrating 50 years of Tangerine Dream – Listen to the first song "Tear Down the Grey Skies" above». Kscopemusic.com. September 2017. Henta 5. juli 2020.