Hopp til innhald

Johannes Schmoelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Schmoelling

Fødd9. november 1950 (74 år)
FødestadLohne
OpphavLohne i Tyskland
InstrumentKlaverinstrument
PlateselskapViktoriapark Records[1]
Verka sommusikar, komponist

Johannes Schmoelling (fødd 9. november 1950) er ein tysk musikar og klaverspelar. Han var medlem av electronicagruppa Tangerine Dream frå 1979 til 1985. Han var lærd innan klassisk musikk og byrja å spele piano då han var åtte år gammal. 12 år gammal hadde han byrja å spele pipeorgel og meistra instrumentet så godt at han fekk jobb som organist ved fleire forskjellige kyrkjer. I 1978 var Schmoelling ferdig å studere med eksamen som lydteknikar og sikra seg jobb i teater ved det prestisjefylte Schaubühne am Halleschen Ufer i Berlin. Han enda perioden sin i Tangerine Dream mot slutten av 1985 for å satse på ein solokarriere og gav ut fleire soloalbum og mykje musikk for mange tyske fjernsynsprogram. I 2000 skapt ehan sitt eige plateselskap, Viktoriapark.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Wuivend Riet (Erdenklang, 1986)
  • The Zoo of Tranquility (Theta, 1988)
  • White Out (Polydor, 1990)
  • Lieder Ohne Worte – Songs No Words (Erdenklang, 1995)
  • Der Zaubergeiger Settembrini (Deutsche Grammophon, 1995)
  • The Zoo of Tranquility (nyinnspeling, Erdenklang, 1998)
  • White Out (nyinnspeling, Viktoriapark, 2000)
  • Laufen (Viktoriapark, 2002)
  • Recycle or Die (Viktoriapark, 2003)
  • Weltmärchen – Weltmusik (Viktoriapark, 2004)
  • Instant City (Viktoriapark, 2006)
  • Images and Memory (2-CD samling, Viktoriapark, 2007)
  • Early Beginnings (innspelg 1979–1985, Viktoriapark, 2008)
  • A Thousand Times (Viktoriapark, 2009)
  • Time And Tide (Viktoriapark, 2011)
  • A Thousand Times Volume 2 (Viktoriapark, 2016)
  • Songs No Words 2017 (Viktoriapark, 2017)
  • Diary of a Common Thread (Viktoriapark, 2017)
  1. «Viktoriapark Record». Arkivert frå originalen 24. november 2007. Henta 1. desember 2007.