Verft
Utsjånad
Verft, eller verv, er industriføretak som byggjer eller reparerer skip. Dei første kjende skipsverfta vart tufta i India for meir enn 4000 år sidan.
Inntil den industrielle revolusjonen bygde skipsverft skip med tre som byggjemateriale, men frå 1800-talet nytta ein støtt meir jern og stål.
I dag finn ein dei leiande skipsverfta for kommersielle skip i Asia, men den er enno ei rekkje større og mindre verft i Europa og USA. Desse byggjer gjerne marinefartøy og spesialiserte fartøy. I Noreg er verftsindustrien i dag sterkt engasjert med arbeid for oljeindustrien.
Norske verft ordna etter omsetnad
[endre | endre wikiteksten]Namn | Stad | Fylke | Tilsette | Omsetnad | Driftsresultat |
---|---|---|---|---|---|
Kleven Verft | Ulsteinvik | Møre og Romsdal | 226 (2009) | 3 468 mill (2009) | 163 mill (2009) |
Aker Stord | Stord | Hordaland | 1081 (2009) | 2 402 mill (2009) | -486 mill (2009) |
Ulstein Verft | Ulsteinvik | Møre og Romsdal | 411 (2009) | 2 348 mill (2009) | 348 mill (2009) |
West Contractors | Ølensvåg | Rogaland | 56 (2009, konsern) | 2 037 mill (2009) | 164 mill (2009) |
Havyard Leirvik | Leirvik i Sogn | Sogn og Fjordane | 450 (2009) | 1 649 mill (2009) | 18 mill (2009) |
Bergen Group BMV | Bergen | Hordaland | 241 (2009) | 1 470 mill (2009) | 69 mill (2009) |
STX Norway Florø | Florø | Sogn og Fjordane | 26 (2009) | 1 368 mill (2009) | -7 mill (2009) |
Aker Egersund | Egersund | Rogaland | 491 (2009) | 1 048 mill (2009) | 112 mill (2009) |
Bergen Group Rosenberg | Stavanger | Rogaland | 481 (2009) | 928 mill (2009) | 66 mill (2009) |
Myklebust Verft | Gursken | Møre og Romsdal | 126 (2009) | 566 mill (2009) | -10 mill (2009) |
Aker Verdal | Verdal | Nord-Trøndelag | 371 (2009) | 546 mill (2009) | -251 mill (2009) |
Umoe Mandal | Mandal | Vest-Agder | 151 (2009) | 209 mill (2009) | -74 mill (2009) |