Allergi er ein overfølsemdsreaksjon som følgje av at immunsystemet til kroppen reagerer på ein unormal måte mot stoff frå det ytre miljøet. Derfor utviklar ein symptom ved kontakt med stoff (allergen) som vanlegvis ikkje er sjukdomsframkallande.
Dei immunologiske mekanismane ved allergi kan vere ulike, men vanlegvis kjem dei av antistoff av typen IgE, som ved luftvegsallergiar, matallergi og nokre typar hudallergi. Eventuelt kan det vere ein såkalla cellemediert immunreaksjon, som ved nokre former for eksem.
Ein allergi er svært spesifikk, det vil seie at ein reagerer berre på heilt bestemde stoff, men kva ein reagerer på, er ulikt frå person til person. Ein kan vere allergisk mot eitt eller fleire stoff. Er ein person allergisk mot mange stoff, seier vi at personen er multiallergikar.
Overfølsemd utan at immunsystemet tek del i reaksjonen, er ikkje allergi, men ein intoleranse eller anna form for hypersensitivitetsreaksjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.