Sjølv om dei stuttare dikta hans, til dømes «To a Skylark» og «Ode to the West Wind», er dei som oftast vert lesne og siterte, er dei lengre lyriske verka hans like viktige i forfattarskapen. Desse inkluderer Queen Mab (1813), Prometheus Unbound (1820), Adonaïs (1821) og det uferdige «The Triumph of Life» (publisert 1824).
I «To a Skylark» bruker han lerka for å illustrere diktaren si umoglege oppgåve med å skildre det som ikkje kan skildrast. Det uferdige «The Triumph of Life», eit langt, narrativt dikt, modellert etter Dantes Den guddommelege komedie, granskar kjernen av livet og røyndomen med diktarfilosofen Rousseau som den sentrale figuren.
I det lyriske dramaet Prometheus Unbound (1820) får ideane hans om kampen til menneskesjela etter perfeksjon og frigjering frå det vonde sine lenkjer sitt mest tydlegaste uttrykk. Smerte, synd og død er forbigåande lidingar. Religion er òg ein forbigåande fase, for gudane er berre fantasifoster skapte av mennesket sjølv. Derfor blir tyrannen Jupiter styrta, og fallet hans gir støyten til gjenfødinga til menneska, når Prometheus blir «frigjorde». Sjølv om Shelley opphavleg byrja å tenkje i Godwinske banar, er Prometheus i botn og grunn eit uttrykk for platonske idear. The Cenci, med emne frå italiensk historie, er skriven for scena, men er eit lesedrama.
John Keats' død inspirerte han til elegien Adonaïs, og fridomskampen til grekarane til dramaet Hellas. Diktet Epipsychidion sprang ut av det svermeriske vennskapet hans med Emilia Viviani, som stod som ei lekamleggjering av platonsk skjønnheit for Shelley. I avhandlinga Defence of Poetry (1821) hevdar han i glødande ordelag den evige verdien av poesien og den guddommelege oppgåva til diktaren.
På sitt beste overtyder Shelley sine dikt gjennom si retoriske kraft og heilstøypte visjonar, men mange av dei verkar umodne, naive og nesten hysterisk sjølvmedlidande. Sidan 1900-talet på mange måtar var eit opprør mot romantikken, vart Shelley sitt forfattarrykte enda dårlegare. Dei større verka hans, der han gir uttrykk for trua si på ein platonsk og statisk eksistens i fullkommen kjærleik, vart stort sett omsette, medan dei revolusjonære ideane fekk fornya interesse på eit seinare tidspunkt.
Shelley var ikkje særleg kjend i samtida, mellom anna fordi dei strenge sensurlovene i England gjorde at mange av verka hans ikkje vart publiserte medan han levde. Etter at han døydde, vart kona Mary Wollstonecraft Shelley heilt sentral i å spreie ektemannen sin poesi, og det var ho som redigerte den første samlinga av dikta hans, Poetical Works (1839).
Kommentarar (2)
skreiv Kjetil Korslund
Percy og Mary traff hverandre første gang i 1812.
skreiv Ida Scott
Hei! Jeg ser at Britannicas artikkel om MWS nevner at de møttes i 1812, men at forholdet deres begynte først i 1814. Biografien om PBS nevner ikke møtet i 1812. Vennlig hilsen Ida Scott.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.