Orddanning skjer ved samansetning og avleiing.
Eit døme på samansetning er fervojo, 'jernbane', av fer-, 'jern', + vojo,'veg'. Forleddet står i stammeform, jamfør substantivet fero, 'jern'.
Språket har eit rikt tilfang av avleiingsaffiks. Frå verbstamma tond-, 'klippe' (infinitiv tondi), får vi substantivet tond-il-o, 'saks'. Suffikset -il- dannar substantiv for reiskapar. Frå adjektivet granda, 'stor', får vi eit adjektivet mal-granda, 'liten'. Prefikset mal- uttrykkjer eit antonym, altså eit ord med motsett tyding.
Substantiv i nominativ ental endar alltid på -o, adjektiv i nominativ eintal endar alltid på -a, infinitiv endar alltid på -i og adverb endar alltid på -e. Difor er det enkelt å lage nye ord ved å føre dei over frå ein ordklasse til ein annan. Eit døme:
- substantiv: am-o, 'kjærleik'
- adjektiv: am-a, 'kjærleg'
- adverb: am-e, 'kjærleg'
- verb: am-i, 'elske', mi am-as, 'eg elskar', og så vidare
Esperanto har ein omfattande, men heilt regelrett bøyingsmorfologi. Substantiv og adjektiv blir bøygde i tal/numerus (eintal/singularis og fleirtal/pluralis) og kasus (nominativ og akkusativ), som vist i dette døme:
- nominativ eintal: bona patrino, 'god mor'
- akkusativ eintal: bonan patrinon, 'god mor'
- nominativ fleirtal: bonaj patrinoj, 'gode mødrer'
- akkusativ fleirtal: bonajn patrinojn, 'gode mødrer'
Desse formene er alle ubundne (ubestemte), og ved å leggje til det uforanderlege determinativet la får ein bunden form: la bona patrino, 'den gode mora', la bonaj patrinoj, 'dei gode mødrene', og så vidare.
Finitte verbformer blir bøygde i tid/tempus (fortid/preteritum, notid/presens og framtid/futurum) og modus (indikativ, imperativ og kondisjonalis), som vist med former av ami, 'elske':
- indikativ preteritum: amis, 'elska'
- indikativ presens: amas, 'elskar'
- indikativ futurum: amos, 'skal elske'
- imperativ: amu, 'elsk'
- kondisjonalis: amus, 'måtte/kunne elske'
Dei infinitte verbformene er infinitiv og partisipp. Partisipp blir bøygt i tid/tempus (fortid/preteritum, notid/presens og framtid/futurum) og diatese (aktiv og passiv):
- infinitiv: ami, 'elske'
- aktiv partisipp i preteritum: aminta, 'som elska'
- aktiv partisipp i presens: amanta, 'som elskar'
- aktiv partisipp i futurum: amonta, 'som skal elske'
- passiv partisipp i preteritum: amita, 'som blei elska'
- passiv partisipp i presens: amata, 'som blir elska'
- passiv partisipp i futurum: amota, 'som skal bli elska'
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.