I 1879 trefte Debussy Nadezjda von Meck, ein venn og mesenat til Pjotr Tsjajkovskij. I 1880–1882 tok von Meck han med på ei reise til Italia, Austerrike og Russland. Under opphaldet i Wien fekk Debussy oppleve Richard Wagners Tristan og Isolde, noko som gjorde eit mektig inntrykk på han. I Moskva stifta han kjennskap med musikken til komponistane i den ny-russiske skulen, slik som Milij Aleksejevitsj Balakirev, Aleksandr Borodin, Cesar Cui, Modest Petrovitsj Musorgskij og Nikolaj Rimskij-Korsakov. Viktig vart òg kjennskapet med Marie-Blanche Vasnier og mannen hennar, Henri Vasnier. Vasnier introduserte Debussy for fleire av dei moderne franske diktarane, mellom anna Paul Verlaine, som vart den første Debussy tonesette.
I 1884 vann Debussy den høgt verdsette Prix de Rome, noko som gav han moglegheita til eit studieopphald i Villa Medici ved det franske akademiet i Roma i 1885–1887. Debussy mistreivst under opphaldet, men opplevde derimot Franz Liszt sitt klaverspel som svært inspirerande. Han komponerte svært lite, og rekna ikkje med at instituttet ville sjå med blide auge på det han skreiv, sidan dei som ikkje følgde instituttet sine opptrakka stiar låg dårleg an. «Men det får ikkje hjelpe, eg er altfor forelska i min eigen fridom og for glad i mine eigne idear», skreiv han ein stad.
Mot slutten av opphaldet sende han likevel fire verk til det franske akademiet: den symfoniske oden Zuleima, orkesterverket Printemps, kantaten La Damoiselle élue og dessutan den César Franck-inspirerte Fantasie for klaver og orkester – eit verk Debussy seinare drog tilbake. La Damoiselle élue, som han arbeidde på i 1887–1888, fekk kritikk av det franske akademiet for å vere eit «barokt» verk. Det blir likevel rekna for å vere det første som peikar mot det som skulle bli karakteristisk for impresjonisten Debussy.
Etter at Debussy kom heim frå stipendopphaldet etter å ha vunne Prix de Rome, busette han seg med elskarinna Gabrielle Dupont i bohemstrøket Montmartre, der han budde gjennom heile 1890-åra. Han sleit økonomisk, men fann kunstnarleg fellesskap med dei symbolistiske kunstnarane, som han trefte på samlingane til Stephane Mallarmé, lyrikaren bak diktet «L'après-midi d'un faune», som Debussy bygde det vidkjende preludiet sitt på. Det var òg på denne tida at Debussy sine første hovudverk såg dagens lys: Ariettes oubliées i 1888, Prélude à l'après-midi d'un faune i 1892 og strykekvartetten i 1893. Deretter følgde Nocturnes for orkester i åra 1893–1899.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.