Edvard Storm var ein norsk diktar, språksamlar og skulereformator. Han bidrog til å skape det nynorske skriftspråket – og den danske folkeskulen.
Edvard Storm var fødd i Vågå i Gudbrandsdalen. Han var elev ved katedralskulen i Oslo i 1761–1765, tok examen artium i København i 1765 og byrja på teologistudiet der i 1769. Bortsett frå tre år i Gudbrandsdalen (1766–1769) budde i København i heile sitt vaksne liv.
Storm fullførte ikkje teologistudiet, men brukte tid på dikting og ordsamling. Han kartla målet i Vågå-traktene og noterte 1500 oppslagsord derifrå. Samlinga vart publisert første gongen i Ord i den Guldbrandsdalske Dialect (2009). I byrjinga av 1770-åra skreiv han eit titals songar, av dei «Heimreise fraa Sæteren» (Oss ha gjort qva gjæras skulle), på gudbrandsdalsmål. Songane vart gitt ut som Døleviser i 1802 og kom med i Jørgen Moe si folkevisebok i 1840. I 1949 kom ei ny utgåve av Døleviser ved Didrik Arup Seip. I 1785 gav Storm ut sine Samlede Digte (utan dølevisene).
Med dikting på dialekt braut han med det danske språkmonopolet på 1700-talet. Nyskapinga skulle vise seg å vere liv laga, for nokre tiår seinare utforma Ivar Aasen ei felles skriftform for alle dialektar, landsmålet. Sjølv gjekk Storm over til å skrive dansk.
Frå 1780-åra er det skulereformatoren Storm som gjer seg gjeldande. Han var med på å stifte «Selskabet for Efterslægten» i 1786, som starta ein realskule bygd på nye pedagogiske prinsipp. Pugging og pryl vart reinska ut. Ungdomen skulle undervisast i allmenne fag og praktiske kunnskapar, og Storm førelas om livsklokskap og nordisk mytologi. «Selskabet for Efterslægten» sitt brot med den autoritære, kyrkjestyrte skulen bana veg for den moderne folkeskulen i Danmark, og «Efterslægten» driv framleis skule i København.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.