Noreg er det landet i verda som har flest papiraviser av ulik art i forhold til folketalet. I 2024 vart det registrert 206 slike aviser med utgjevingsfrekvens éin eller fleire gonger i veka, ifylgje Mediebedriftenes Landsforening. Halvparten av dei 356 kommunane i landet (2023) er utgjevarstad for minst éi avis. Det høge talet avistitlar kjem i hovudsak av at ordninga med statsstøtte (produksjonsstøtte) har blitt ein viktig berebjelke, særleg for økonomien i lokalavisene.
norsk presses historie



Illegal presse. Døme på illegale norske aviser og flygeblad frå året 1941. Øvst eit nøkternt, tosiders nyheits- og paroleblad. I midten Hvepsen, med heile 15 sider varierte stoff, og nedst eit flygeblad med parole om feiringa av fyrste mai i private krinsar.

Akersgata i Oslo har i lang tid vore det tradisjonelle sentrumet for norsk presse. Amedia held til i Akersgata 34.


Norsk Ukeblad. Framsida frå februar 1943 som førte til at bladet vart stansa. Motivet var lett å lese som Hitler som held Quisling under armane. I tillegg kunne ein i skøytespora i isen sjå H7-teikn.
Omstilling
Norsk presses historie var lenge einstydande med historia til papiravisene. Frå midten av 1700-talet til 1990-åra vart alle aviser gjevne ut på papir. Etter den tid har den digitale revolusjonen ført til at reine nettaviser og nettutgåver har blitt ein alvorleg konkurrent til papiravisene. Når avisbedriftene har greidd seg forholdsvis godt i møtet med mellom anna nye lesarvanar, kjem det både av viljen og evna til å omstille seg raskt. Publisering av nyheitsstoff har blitt døgnkontinuerleg verksemd. Nye digitale verktøy vart tekne i bruk på 1990-talet, særleg ved produksjon av dagleg oppdaterte nettutgåver.
Avisbedriftene, som gjennom mange tiår gjerne hadde vore reine familieføretak, såg seg tente med å slutte seg til større aviskonsern. Tre store mediekonsern fekk i åra etter 2000 hand om dei fleste avisene, store som små. Amedia AS, Schibsted ASA og Polaris Media AS delte hovudparten av avismarknaden mellom seg. Konsentrasjon av makt og kapital vart konsekvensen, men utan at det gjekk ut over mangfaldet i avisfloraen. Lesarane fekk behalde avisa si, og den nye eigarsituasjonen motverka avisdød.
Lesarvanar
Nye lesarvanar oppstod i takt med den digitale utviklinga. Ifylgje Statistisk sentralbyrå sine målingar las berre 17 prosent av befolkninga i 2023 éi eller fleire papiraviser om dagen, medan det tilsvarande talet i 1991 var 84 prosent. Eit stort fleirtal av avisabonnentane hadde i 2023 blitt digitale abonnentar. Det gjaldt òg abonnentane til lokalavisene. Dei las løpande nyheitsstoff og e-avis i PDF-format anten på mobiltelefon, nettbrett, lesebrett eller PC. Avisutgjevarane tok konsekvensen av dette og innskrenka i fleire omgangar talet på papirutgjevingar per veke. Mange aviser som hadde kome ut på papir alle kvardagar, reduserte utover på 2000-talet frekvensen til éin eller to utgåver i veka.
Presseetikk
Norske aviser er tradisjonelt redaktørstyrte, med ein ansvarleg redaktør som har eit overordna juridisk og presseetisk ansvar for det som blir publisert i organet til vedkomande. Dei har mellom anna forplikta seg til å fylgje Vær varsom-plakaten, som blir rekna som journalistikkens «bibel». Brot på dei grunnleggjande reglane i denne plakaten fører ofte til at publikasjonen blir domfelt i Pressens faglige utvalg.
Den digitale utviklinga på mediesektoren har skapt nye utfordringar for dei redaktørstyrte media, som tradisjonelt har prøvd å hindre at til dømes vondsinna rykte, sjikane, rasediskriminerande og hatefulle ytringar og falske nyheiter (fake news) skal spreiast i offentlegheita. Nye nettaviser med uklåre eigar- og ansvarsforhold, og ikkje minst framveksten av sosiale medium – som også bringar nyheitsstoff – har resultert i at ikkje minst unge lesarar føretrekkjer slike medium for å bli informerte framfor å teikne abonnement på ei tradisjonell avis.
Politisk tilknyting
Størstedelen av norsk presse var frå starten knytt til eit av dei politiske partia. Dei var gjerne grunnlagde for å vere talerøyr og kamporgan for eit bestemt parti. Det var ikkje minst Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre som naut godt av dette. Redaktørane vart nesten utan unntak tilsette med «partiboka» i orden. Inntil 1970- og 1980-åra hadde mange redaktørar òg politiske tillitsverv.
Lausrivinga til avisene frå partia starta gradvis på 1970-talet. Den byrja med dei store venstreavisene som erklærte seg uavhengige etter Venstres samanbrot på landsmøtet i 1972. Deretter fylgde høgreavisene og arbeidarpressa. Ved inngangen til 1990-åra var det berre eit fåtal aviser som ikkje profilerte seg som «politisk uavhengig».
Som ein seinare konsekvens av den politiske frigjeringa tredde det inn eigarendringar som i enkelte tilfelle i lys av historia kan synast paradoksale. Amedia AS, som inntil 2012 heitte A-pressa, vart til dømes eigar av det tidlegare erklærte Høgre-organet Drammens Tidende.
Pressestøtte
Pressestøtten vart innført i 1969, som ei statleg handsrekking for å demme opp mot avisdøden. Bidraget frå staten over statsbudsjettet vart kalla produksjonsstøtte og vart tildelt i forhold til opplagstalet til avisene. Frå ein beskjeden start på 3,7 millionar kroner det fyrste året vart det i 2024 løyvd 424 millionar kroner. I tillegg nyt avisene godt av indirekte støtte, ved at dei er fritekne meirverdiavgifta.
Rekruttering
Rekrutteringa til journalistyrket var lenge prega av slump. Dei færraste hadde høgare utdanning. Journalistakademiet, som kom i gang i 1951 som eittårig utdanningstilbod etter initiativ frå Norsk Presseforbund og dåverande Norske Avisers Landsforening (NAL), var det fyrste profesjonelle utdanningstilbodet. Seinare har universitet og høgskular tilbode medieutdanning på masternivå. Ved utgangen av 2022 var det registrert 8200 journalistar i Noreg, medrekna etermedia.
Historie
Avispionerane
Den fyrste avisa som vart gjeve ut i Noreg var Norske Intelligenz-Seddeler i 1763. Før den tid kom ut det sporadiske flygebladet og handskrivne nyheitsmeldingar. Deretter fylgde avisetableringar i Bergen (1765), Trondheim (1767) og Kristiansand (1790). Desse var såkalla «adresseaviser», som hovudsakleg var baserte på avertissement, og som kom ut ein gong kvar veke. I tillegg kom det på byrjinga av 1800-talet ut ein del vekeblad med politisk og filosofisk innhald. Det fyrste lokalbladet var Norsk Landboeblad, starta av Sivert Aarflot på Ekset i Volda på Sunnmøre i 1811. Den moderne avisforma vart innført av Niels Wulfsberg, då han i Oslo i 1815 byrja å gje ut Den norske Rigstidende. Her var annonsar og stoff nokolunde likt fordelte. Wulfsberg grunnla i 1819 Morgenbladet, som var den fyrste norske dagsavisa.
Frodig vekst
Frå 1830-åra var det ein frodig avisflora i ei rekkje byar. Det kom mellom anna av den nye handverkslova, som vart vedteken i 1839. Dei gamle boktrykkjarprivilegia vart sett ut av kraft, og nyetablerte boktrykkjeri fann det lønsamt å gje ut ei avis som sidegeskjeft. Stoffet bestod av nyheiter og artiklar henta frå hovudstadsavisene. Christiansands-Posten var ein av dei fyrste avisene som medvite prøvde å gjere lokalpressa meir levande. Avisa innførte òg leiarartikkelen, og auka formatet frå kvartformat til stort folioformat.
Det eigentlege omslaget i norsk avisproduksjon kom fyrst i andre halvdel av 1800-talet med innføringa av nye tekniske hjelpemiddel. Aftenposten (redigert av Amandus Schibsted i perioda 1879–1913) var ein banebrytar for ny journalistikk. Avisa, som appellerte til det meir upolitiske småborgarskapet, satsa på småannonsar og dreiv aktiv, oppsøkjande reportasje.
Partitru
Det politiske livet vart aktivisert ved framveksten av partiorganisasjonane. Med Venstres oppmarsj fylgde Dagbladet (radikalt, grunnlagt 1869 av Hagbard Berner), Verdens Gang (radikalt, seinare moderat, redigert av O. Thommessen 1876–1910) og Stavanger Aftenblad (moderat-kristeleg, grunnlagt 1893 av Lars Oftedal d.e.). I same tidsperiode oppstod mellom anna Bergens Tidende, Tønsbergs Blad, Varden, Fædrelandsvennen, Lofotposten og Sunnmørsposten.
Den unge politiske arbeidarrørsla fekk si eiga presse, fyrst med Vort Arbeide (grunnlagt 1884 av Christian Holtermann Knudsen). Avisa skifta namn i 1886 til Social-Demokraten, i 1924 til Arbeiderbladet (seinare Dagsavisen frå 1997). Etter kvart etablerte arbeidarrørsla avisar over heile landet, og i Nord-Noreg og på industristader på Austlandet har dei behalde ei sterk stilling. Den historiske utviklinga gjorde elles norsk dagspresse til eit nyansert medium for vidt ulike interesser: partipolitiske, næringspolitiske, religiøse og språkpolitiske.
Krigsåra
Norsk presse vart under den tyske okkupasjonen fullstendig einsretta under tysk sensur. Ifylgje eit oversyn utarbeidd av Norsk presseforbund vart i alt 130 norske pressefolk fengsla. Av desse vart fem avretta, og 14 døydde i tyske konsentrasjonsleirar.
Den illegale pressa førte kampen vidare, men med store tap. 9. april 1940 hadde Norsk Bladeierforening 200 aviser som medlemer. Av desse vart 91 stoppa, medan 16 vart tvinga til samanslutning med andre aviser på utgjevingsstaden. Berre tre aviser vart nekta å kome ut igjen etter krigen. Ein æresrett for pressa, beståande av to juristar og ein pressemann, granska dei aktive pressefolka sine haldning under okkupasjonen. Resultatet var at 33 pressemedarbeidarar vart rekna for å ha vist ei unasjonal haldning og vart utestengde frå pressa for kortare eller lengre tid.
Teknisk utvikling
Den tekniske utviklinga har sett sterkt preg på norsk presse. Sidan Rana Blad innførte fotosats i 1965 som fyrste norske avis, har den konvensjonelle blysatsmetoden måtte vike heilt for moderne satssystem og offsettrykk. Avisformatet har òg endra karakter, og dei fleste avisene har gått over til tabloidformat, halvparten av heilformatet som tidlegare var det vanlege.
Dei nye tekniske moglegheitene har medført auka bruk av bilete, fargar og andre typografiske verkemiddel i avisene. Stoffmessig har avisene til ei viss grad nærma seg fjernsynet og vekepressa, med vekt på personfokusering og meir populært stoff. I midten av 1990-åra fekk servicejournalistikken stor utbreiing både i tabloid- og abonnementsavisene. Denne typen journalistikk vende seg til lesarane fyrst og fremst som forbrukarar av varer og tenester.
Søndagsaviser og gratisaviser
I 1990-åra oppstod det tre nye typar aviser: sundagsaviser, gratisaviser og nettaviser. Dagbladet starta sundagsavis i 1990, og vart raskt fylgd av dei andre store riksavisene og regionavisene. Også fleire lokalaviser laga sundagsavis. Etter ein del år viste det seg å bli for dyrt å produsere sundagsutgåve på papir, og nye lesarvanar gjorde det lite tenleg. Utover på 2000-talet vart alle sundagsutgåver avvikla, utanom VGs. Til dømes slutta Dagbladet med sundagsutgåve i 2014 og Aftenposten i 2022.
I tillegg vart det etablert ei rekkje gratisaviser – særleg i byområde – som baserte inntektene utelukkande på annonsar. Mange av dei vart likevel døgnfluger.
Nettaviser og avisøkonomi
Brønnøysunds Avis vart 6. mars 1995 den fyrste norske avisa med nettutgåve, to dagar før Dagbladet lanserte nettutgåva si. Året etter vart Nettavisen den fyrste heildigitale avisa i Noreg. Norske nettaviser var gratis å lese heilt fram til Hallingdølen lanserte landets fyrste såkalla «betalingsmuren» i november 2011. Frå 2015 vart det vanleg med ulike former for betalingsordningar.
Endringar i eigarstruktur
I 1980- og 1990-åra skjedde det store forandringar i eigarstrukturen i norsk presse. Næringsliv og investorar viste sterk interesse for å kjøpe avisaksjar, og store aviser (særleg Dagbladet og VG) kjøpte seg inn i mindre lokalaviser.
Tre store mediekonsern var fram til 2006 dominerande i avis-Noreg: Schibsted, Orkla og Amedia. I 2006 kjøpte det internasjonale medieselskapet Mecom Orkla Media og døypte det om til Edda Media. I 2011 vart Edda Media seld til Amedia. Salet vart godkjent av Konkurransetilsynet under føresetnad at Amedia selde nokre av avisene.
Schibsted var lenge det største selskapet med avisene VG og Aftenposten. Dei eig òg Svenska Dagbladet og Sveriges største avis, Aftonbladet.
A-pressa, no Amedia, har gått gjennom store forandringar, med lausriving frå arbeidarrørsla og satsing på kommersiell drift. Etter kjøpet av Edda Media i 2011 eig Amedia nærare hundre små og store lokalaviser, og er i talet på utgjevingar det største mediekonsernet i Noreg.
Polaris Media er det tredje største mediekonsernet i Noreg. Dei største avistitlane til konsernet er Adresseavisen, Sunnmørsposten og Harstad Tidende.
Vekepresse
Til vekepressa reknar ein publikasjonar der innhaldet ikkje er basert direkte på nyheitsstoff, men på underhaldande artiklar, intervju og rikeleg biletstoff. Noreg har hatt ein svært rik vekebladflora. Sjangeren vart lansert i Noreg av Skilling-Magazin (1835–1891), som satsa på å arbeide for utbreiinga av ålmennyttige kunnskapar. Bladet vart samstundes ein banebrytar for den nye illustrasjonsteknikken, som kom til å prege vekepressa i sterk grad; tresnitt, seinare stålstikk. Folkeopplysningsprogrammet vart vidareført av mellom anna J. Chr. Johnsen (Almuevennen), Jacob B. Bull (Folkebladet) og sist av Nils Johan Rud, som satsa på norsk skjønnlitteratur i Magasinet For Alle (starta 1927 under namnet Arbeidermagasinet, som gjekk inn i 1970).
Sidan slutten av 1800-talet har vekepressa vore dominert av dei populære familieblada (Allers Familie-Journal, Hjemmet, Norsk Ukeblad), i tillegg til spesialorgan for mellom anna kvinna og heimen (Urd, Alle Kvinners Blad, Kvinner og Klær (KK)).
Sidan 1970-åra har blad som satsar på aktuelle reportasjar om kjendisar (fyrst og fremst Se og Hør og Her og Nå), vist sterk vekst. Se og Hør voks i 1980-åra til å bli det største trykte mediet i Noreg. Alle dei største vekeblada har store innslag av kjendisstoff. Det totale opplaget til vekepressa er på rundt 30 millionar i året eller i underkant av éin million eksemplar kvar veke (2022).
Ein hovudtendens i den periodiske pressa dei siste åra har vore spesialisering. Stadig fleire organ som vender seg til lesarar med spesielle interesser, har blitt etablert i Noreg (til dømes bil-, båt- og datablad).
Fagpresse
Fagpressen (tidlegare Den Norske Fagpresses Forening) omfatta 240 blad. Dei fleste blir gjeve ut av foreiningar og organisasjonar berekna på intern og ekstern informasjon, andre er meir frittståande fagblad (til dømes økonomiske tidsskrift).
Tidsskrift
Ei eiga grein innan norsk presse har heilt sidan byrjinga av 1800-talet vore tidsskrifta, både dei humanistiske, politiske og religiøse. Det byrja i Bergen i 1778 med Provinzialblade, så fylgde Hermoder i Oslo i 1795. Andre tidsskrift frå same periode var Nyt Norsk Tidsskrift, Det Norske Nationalblad, Norsk Maanedsskrift og Statsborgeren. Desse publikasjonane gav næring til meiningsutvekslinga og nytenkinga til samtida.
Samtiden (frå 1890) og Syn og Segn (1894) har vore livskraftige kulturelle samlingspunkt heilt opp til vår eiga tid. Andre viktige tidsskrift etter andre verdskrigen har vore Vinduet (1947), Kontrast (1965–1990) og Nytt Norsk Tidsskrift (1984). Ved sida av dei ålmenne tidsskrifta kjem dei mange vitskaplege tidsskrifta som blir gjeve ut med utgangspunkt i ulike faglege miljø.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Ottosen, R. m.fl.: Norsk pressehistorie, 2002, isbn 82-521-5750-5
- Stangerup, H.: Avisens historie [...], 1973–74, 3 b.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.