Kunsten å lage byggjestein av brend leire er over 5000 år gammal. Bibelen gjev oss ein tidleg dokumentasjon på bruk av tegl, i Første Mosebok 11,3: «Dei sa til kvarandre: 'Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!' Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk.» Tidlege døme på teglbyggverk er Babels tårn (rundt 2100 fvt.) og Ishtarporten i Babylon (rundt 575 fvt.). Også grekarane og romarane brukte tegl i antikken.
Frå mellomalderen (rundt 1250) vart det brukt tegl i Noreg, hovudsakleg på Austlandet, og ofte saman med naturstein. Restar av mellomalderteglverk er funne i Oslo, Trondheim, Tønsberg og ved Valdisholm.
Norsk leire gav ved brenning raude teglsteinar, og ein brukte tilsetjingsstoff for å oppnå lysare eller mørkare valørar. På 1700-talet brukte ein i Noreg teglstein i formater omkring 105x220x45 mm. Det var eit vanleg format i Nederland og Danmark frå 1600-talet, på dansk kalla «flensborgsten». Då norske teglverk kom i gang omkring 1750, valde dei det same formatet, ofte med mindre avvik. Dette formatet med fuge gjev i murverket proporsjonane 4:2:1, som gjer at stein på høgkant passar til både to og fire skifthøgder. Slottet i Oslo, som vart mura opp i 1830-åra, var kan hende den største byggjeoppgåva i Noreg sidan mellomalderen, og dei fleste teglverk på Austlandet måtte levere stein. Arkitekt Linstow valde det meir økonomiske formatet 108x228x62, som gjev raskare framdrift. Det vart etter kvart ein uoffisiell norsk standard med namnet «Slotstegl». Seinare kom formatet 110x230x65, eit lån frå Tyskland.
Christiania fekk murtvang i 1624 og har difor hatt fleire hus av tegl enn andre norske byar. Mange hus frå 1600-talet vart bygde med tegl frå Nederland, som har gul lauparside og raud koppside. Ved muring med kryssforband, som var vanleg på den tida, vart lauparskifta for det meste gule og koppskifta raude. Folk i byen likte stripeeffekten og forsterka han ofte med gul og raud kalkfarge. Slik tegl vart brukt i Oslo Domkyrkje og mange store byhus, og stripene har ofte vorte feiltolka som resultat av muring med raud og gul tegl i annakvart skift.
Industriell teglproduksjon i Noreg har vore konsentrert til Fredrikstad og Sarpsborg, Oslo, Romerike, Drammensfjorden, Sandnes og Trondheimsfjorden. Fram til slutten av 1800-talet vart det brent tegl på ei rekkje småe gardsteglverk mange stader i landet.
Bratsberg teglverk i Lunde i Telemark vart nedlagt i 2014, som det siste av dei norske teglverka.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.