I 1723 vart han tilsette som kantor ved Thomaskirken i Leipzig «fordi det ikkje var nokon betre å få», etter at to andre hadde trekt tilbake søknadane sine på stillinga. Stillinga innebar eit hakk ned i sosial status, men var likevel viktig i tysk musikkliv, fordi han no fekk ansvar for musikken i alle dei fire hovudkyrkjene i Leipzig. Arbeidskrava var overveldande, og dei første fem åra produserte han rundt 150 kantatar, samt dei to store pasjonane, Johannespasjonen og Matteuspasjonen.
Då magistraten i Leipzig hadde forlangt ei prøve på Bach sin komposisjonskunst, skreiv han kantaten Jesus nahm zu sich die Zwölfe og oppførte dessutan Johannespasjonen for første gong. Dei musikalske og materielle forholda Bach fekk i Leipzig var dårlegare enn i Köthen. Han føretrekte likevel Leipzig, sidan det gav sønene hans moglegheit til å studere ved universitetet der.
Tilfanget hans av musikarar og songarar var av svært varierande kvalitet, og mange av verka vi i dag reknar mellom dei fremste i vestleg musikkhistorie, fekk mykje dårlegare urframføringar enn dei fortente. Koret han fekk til rådvelde, Thomaskoret, bestod av udisiplinerte skulegutar som Bach den første tida òg måtte undervise i latin, og orkesteret vart samanraska av tilfeldige musikarar.
Bach sin overordna hadde difor lita forståing av genialiteten hans som komponist og vurdert han nærast som ein middelmåtig musikklærar, medan Bach med steil sjølvhevding verna om retten sin. Likevel heldt han fram med å produsere musikk som fullførte både dei grandiose ideane hans og krava til både emosjonelt innhald og nitid, analytisk oppbygging. Dedikasjonen «S. D. G.» (Soli Deo Gloria, «Ære til Gud åleine»), skrive inn på slutten av kvart partitur, kan vere ein del av forklaringa rundt denne forbløffande prinsippfaste haldninga hans.
Det kom til fleire kontroversar i løpet av tida i Leipzig. Bach gjekk lei av konfliktane og tenkte på å søkje seg ei anna stilling. Han vart likevel buande resten av sitt liv i Leipzig og gjennomførte berre kortare reiser, mellom anna til sonen Carl Philipp Emanuel i Berlin. Ved hans siste besøk i Berlin i 1747 improviserte han for Fredrik den store over eit tema regenten sjølv oppgav. Seinare utarbeidde Bach Musikalisches Opfer med dette temaet som grunnlag. I 1749–1750 komponerte han eit liknande verk, Die Kunst der Fuge, der dei enorme kunnskapane hans som kontrapunktiker kjem tydeleg fram.
I 1749 vart Bach ramma av eit slaganfall. Han kom seg, men vart nesten blind. Ein mislykka operasjon i januar 1750 forverra tilstanden. Sine siste komposisjonar dikterte han til ein av elevane sine. Han vart gravlagd på Johanneskirkegården, men gravstaden vart gløymt. I 1894 vart grava funnen igjen, og Bach sine jordiske leivningar vart plasserte i eit gravkammer i kyrkja. Etter at kyrkja vart øydelagd under andre verdskrigen vart leivingane overførte til Thomaskirken i Leipzig.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.